Intensivsjukepleiar
Felles intensivpost og dagkirurgi Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Intensivsjukepleiar
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. oktober
På Felles intensiv (FIA) behandlar vi akutt og kritisk sjuke pasientar innan medisin, kirurgi og gynekologi, og vi gir pleie til både nyopererte og intensivpasientar. Her der det høg puls, avansert utstyr og eit godt fagmiljø. Me tek vare på pasientar og pårørande i krevjande situasjonar.
Avdelinga vår har 14 senger - 2 intensivsenger, 6 intermediære og 5 postoperative. Vi er rundt 30 sjukepleiarar, dei fleste intensivsjukepleiarar, og vi samarbeidar godt i akuttberedskapen ved hjartestans, hjarteinfarkt, hjerneslag, dårleg barn/nyfødt og traumar. Me er slått saman med dagkirurgisk avdeling - noko som gjer at du også kan få erfaring med dagkirurgiske pasientar.
Hos oss vil du i utgangspunktet inngå i tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg (16 helger per år).
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Send oss ein søknad – vi gler oss til å bli kjent med deg!
Kva går jobben ut på?
- Sjukepleie til akutt og kritisk sjuke pasientar som treng intensiv/intermediær behandling, overvåkning og pleie.
- Sjukepleie til nyopererte pasientar, hovudsakleg gynekologiske, ortopediske og gastrokirurgiske pasientar.
- Gje god omsorg for pasient og pårørande.
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette.
- Respiratorbehandling (Invasiv/NIV - Hamilton C6).
- Handtering av avansert medisinsk teknisk utstyr .
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i intensivsjukepleie er ønskeleg, men minst 2 års relevant sjukehuserfaring kan vege opp for dette
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er punktleg og påliteleg
- møter pasientar og pårørande med respekt og tryggleik
- kommuniserer tydeleg og samarbeider godt med andre faggrupper
- kan ta eigne avgjerder når det trengst – og samarbeider godt i team
- er open for nye oppgåver og tilpassar deg lett ulike situasjonar
- held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du
- ein variert kvardag i ei avdeling med høgt fagleg nivå
- eit arbeidsmiljø som tek vare på både deg og faget
- internundervisning kvar veke og oppfølging frå fagutviklingssjukepleiar
- sertifisering i medisinsk teknisk utstyr (MTU)
- to fagdagar i turnus
Kontaktinformasjon
Anne Karin Auestad Karlsen, Funksjonsleiar, 97718927Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5020919305
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 10.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne Karin Auestad Karlsen
Funksjonsleiar
97718927
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9b4bc8b6-2f7f-4957-af89-2b428db7cbc4
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e824e32d44b5472c9e14228a50e04e85