Hopp til innhold

Miljøarbeidar - tilkallingsvikar

Arbeidsgiver

Rus og psykisk helse

Sted

Rokabrekka 1, 5610 Øystese

Om jobben

Stillingstittel
Miljøarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 25. oktober

Me søkjer engasjerte miljøarbeidarar til tilkallingsvikariat i nyoppretta avdeling i Avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø. 

Stillingane som tilkallingsvikar inneber arbeid på dagtid, kveld og helg.

Som miljøarbeidar vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.

 

Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid.


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø
  • Leggja til rette for meistring og god livskvalitet
  • Planleggja og gjennomføra aktivitetar
  • Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønskjeleg, men dersom det ikkje søkjer fagarbeidar kan det bli aktuelt å tilsetja andre med relevant utdanning/arbeidserfaring
  • Har du arbeidserfaring innan psykisk helsearbeid er det ei føremon
  • Du må ha interesse for fagfeltet psykisk helse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

 

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å byggja gode relasjonar
  • Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
  • Gode samarbeidsevner
  • Arbeider godt sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • Ei variert og meiningsfull vikarstilling i nyoppretta avdeling
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

 

Generell informasjon:
  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Tove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898

Arbeidsstad

Rokabrekka 1
5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5182347804
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 25.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Tove Pedersen

Leiar avdeling rus og psykisk helse

+47 950 42 898

Om bedriften

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. 

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9b3537a3-15b3-4afb-8739-7cca937797d1

Sist endret

7. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f0ae59be202647cf9436dc64c7281174

Lignende annonser

Laster lignende annonser