Lønn under vidareutdanning som ultralydjordmor 2027-2028
Gynekologisk eining Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Utdanningsstilling ultralydjordmor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. september
Føde- og gynekologisk avdeling søkjer jordmor som ønskjer å vidareutdanne seg innan ultralyd. Utdanninga er eit fulltidsstudium på 60 studiepoeng ved NTNU i Trondheim, med søknadsfrist 15. september 2026 og oppstart i januar 2027.
Som ultralydjordmor arbeider du dagtid i vekene på poliklinikken og kvar tredje helg på føde-/barselseininga. Etter fullført utdanning vil du ha stilling både ved gynekologisk eining og føde-/barselseininga, med to års bindingstid.
Kva går jobben ut på?
- Ultralyd av gravide/ screening i poliklinikk.
- Jordmor i poliklinikk på gynekologisk eining.
- Jordmor på føde- og barseleininga i helgene.
- Medansvar for vedlikehald/oppgradering av fagsystem.
- Medansvar for bestilling av utstyr/varer til avdelinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som jordmor.
- Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
- Bør ha minst to års erfaring som jordmor.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- møter pasientar på ein trygg, respektfull og profesjonell måte.
- arbeider sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
- kommuniserer godt og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø
- tek ansvar for oppgåvene dine og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- trivst med ein aktiv arbeidskvardag og held oversikt når det er mykje å gjere
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Permisjon med lønn frå eiga stilling under utdanninga.
- Støtte til reise og opphald under utdanning i Trondheim.
- Bindingstid til føde og gynekologisk avdeling.
- Konkurransedyktig pensjonsordning.
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
Kontaktinformasjon
Thora-Marit Stokka Karlsen, Funksjonsleiar, +47 41863939Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5172378900
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Thora-Marit Stokka Karlsen
Funksjonsleiar
+47 41863939
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9afe073f-916b-46bb-8251-84145b64aafa
- Sist endret
28. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1457f7804bc642f0a87a7a99b51ef9b5