Avdelingsdirektør Tilsyn Vest
Arbeidstilsynet
5008 Bergen, 4010 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- avdelingsdirektør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 12. januar
Vil du gjere arbeidslivet i Noreg betre?
Arbeidstilsynet skal bidra til at tilsette ikkje blir sjuke av arbeidet eller skadde på jobb. Det er arbeidsgivaren som har ansvar for å sørge for godt arbeidsmiljø, men vi i Arbeidstilsynet kontrollerer og rettleier.
No treng vi flinke leiarar til fleire spennande stillingar etter ei omorganisering av Arbeidstilsynet.
Vi tilbyr gode leiarkollegaer, høgt kompetente medarbeidarar og ein veldriven organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.
Du vil få ei utfordrande og strategisk rolle i eit fagleg sterkt og utviklande arbeidsmiljø. Her får du moglegheit til å påverke både eigen arbeidsplass og norsk arbeidsliv. Stillinga har stort handlingsrom og fleksible rammer.
Vi har konkurransedyktige vilkår, med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Om Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet skal vere aktivt, synleg og til stades i arbeidslivet.
Arbeidstilsynet består av Direktoratet for arbeidstilsynet og Tilsynet, som begge utfører kjerneoppgåvene våre. Vi kontrollerer at verksemdene følger arbeidsmiljøloven og rettleier leiarar og arbeidstakarar om korleis dei kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for seg og kollegaene sine.
Visjonen vår er «Saman for eit godt arbeidsliv». For å greie det styrer vi etter verdiane våre, som er «modig, klok og tydeleg». Det ønsker vi at du også skal vere.
Avdelingsdirektør – Tilsyn Vest
Vi søker ein erfaren og engasjert avdelingsdirektør for Avdeling tilsyn Vest, som skal sikre kvalitet og einskapleg utøving av tilsynsmyndigheita. Dette er ei sjeldan moglegheit til å leie eit stort tilsynsmiljø med direkte påverknadskraft på kvaliteten og seriøsiteten i arbeidslivet.
Du få leie tilsyns- og rettleiingsverksemda i det geografiske området ditt og bidra i det tverretatlege samarbeidet mot arbeidslivskriminalitet (a-krim) og i SUA-samarbeidet (Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar). Saman med dei andre tilsynsavdelingane skal du sikre ei heilskapleg og effektiv myndigheitsutøving.
Stillinga inngår i toppleiargruppa i Arbeidstilsynet og rapporterer til direktøren. Du har leiaransvar for ei avdeling på rundt 95 medarbeidarar fordelt på seks seksjonar med kvar sin seksjonsleiar.Våre kontorer i Tilsyn vest er plassert i Bergen, Førde, Stavanger, Haugesund, Kristiansund og Ålesund. Denne stillingen er fortrinnsvis lagt til Bergen eller Stavanger.
Om stillinga
Avdeling tilsyn har ansvar for å gjennomføre tilsyn og rettleiing i tråd med gjeldande regelverk og i tråd med føringane og rammene frå direktoratet. Når det trengst, bidrar avdelinga også i andre tilsynsavdelingar. Avdelinga varetar forpliktingane til etaten i a-krimsamarbeidet og SUA-samarbeidet innanfor sitt geografiske område, og har eit særskilt ansvar for å sikre einskapleg myndigheitsutøving i dialog med dei andre tilsynsavdelingane.
Som avdelingsdirektør har du ansvar for å vidareutvikle tilsynsaktiviteten med fokus på kvalitet, effektivitet og å sørge for god samhandling både internt og med andre etatar. Du bidrar aktivt til den heilskaplege utviklinga av Arbeidstilsynet, samtidig som du leier og utviklar eit kompetent og engasjert fagmiljø. Du skal bidra til å utvikle og forbetre heile ansvarsområdet til avdelinga, samarbeide med dei andre avdelingane og bidra til den totale måloppnåinga til Arbeidstilsynet.
Vi søker deg som har
- relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
- leiarerfaring med dokumenterte resultat, gjerne frå offentleg forvaltning eller tilsynsverksemd
- evne til å omsetja mål til handling, og skapa resultat saman med medarbeidarane sine
- ha kunnskap om arbeidsgivarrolla, og korleis leggja til rette for god involvering og medråderett
- svært god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
- juridisk bakgrunn eller erfaring med juridiske problemstillingar
- kjennskap til arbeidsmiljøregelverket
- erfaring med tverretatleg samarbeid og koordinering
Vi ser etter ein leiar som
- er tydeleg og har gjennomføringsevne
- er heilskapleg og strategisk og klarer å omsette innsikt til handlingar som gir ønskte resultat
- har evne til å kombinere fagleg kvalitet med effektiv oppgåveløysing
- motiveres av å skape tillit, forbetringar og sikre høg brukartilfredsheit
- har høg integritet og god rolleforståing
- er utviklingsorientert og ser heilskap og samanhengar på tvers av fagområde
- trivst med å leie kompetente medarbeidarar og bygge kultur for samarbeid og resultat
Viktig å vite før du søker
Som tilsett i Arbeidstilsynet kan du ikkje drive, vere tilsett i eller ha økonomisk interesse i ei verksemd som er underlagd tilsyn av Arbeidstilsynet. Du kan heller ikkje ta imot oppdrag frå eller vere med i styre, representantskap eller tilsvarande organ i slike verksemder.
I særlege tilfelle, og når Arbeidstilsynet vurderer at det ikkje er skadeleg for oppdraget vårt, kan direktøren for Arbeidstilsynet gjere unntak.
Vi ønsker medarbeidarar med ulike typar kompetanse, livserfaring, funksjonsevne, bakgrunn, fagkombinasjonar og perspektiv. Det gir eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løyse oppgåvene. Vi legg arbeidsplassen til rette dersom du har behov for det.
Søkarlista blir offentleg. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedd om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge, blir du varsla om det.
Vitnemål og attestar må følgja søknaden. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen når du søkjer stillinga. Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber me om ei autorisert omsetjing av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no) eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Nøl ikkje med å ta kontakt dersom du har spørsmål. Kontaktpersonar er:
Vigdis Johnsen, vigdis.johnsen@arbeidstilsynet.no, +47 400 36 789 eller Bettina Bekkevold, bettina@cruit.no, +47 900 93 591.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9aecc482-7189-4af8-a10f-95b43d0d678e
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
sap
- Referanse
1960GEBN
Lignende annonser
Arbeidsgiver
OPK-SL - Slåtthaug vgs, Vestland fylkeskommune
Sted
Nesttun
Arbeidsgiver
Universitetet i Stavanger
Sted
Stavanger
Vikariat som driftseiningsleiar FP
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen