Sjukepleiar 100 % fast stilling
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Haugneset 16, 6230 Sykkylven, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % vikariat
Oppstart
3. februar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Vi er på jakt etter ein sjukepleiar som kan bidra til å realisere avdelinga sine mål og planer! Er dette noko for deg? Då håper vi at du sender oss ein søknad!
Stillinga er lokalisert i Korttids- og rehabiliterings avdelinga som er organisert under eininga Heimetenestene.
Avdelinga har totalt 14 plassar, der av 1 KAD-plass, 1 avlastningsrom og eit rom til palliasjon. Som sjukepleiar vil du arbeide tett med institusjonslege/legevaktslege, fysioterapeut, ergoterapeut, palliativteam, kreftkoordinator og sårsjukepleiar under eiga eining.
Vi har følgande stilling ledig
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å realisere avdelinga sine mål og planar
- Medisinhandtering og arbeid på medisinrom:
- Tillaging av og administrering av dosettar
- Infusjonar
- Antibiotikabehandling
- Injeksjonar
- Blodprøvetaking og anna laboratoriearbeid
- Kartlegge, utarbeide, gjennomføre, evaluere og dokumentere tiltaksarbeid
- Dokumentasjon i pasientjournal
- Palliativ pleie
- Legge til rette for godt samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
- Sjukepleie til pasientar med samansette behov
- Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, innsatsteam og tenestekontor
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Evne og motivasjon til å halde seg fagleg oppdatert
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar og kjennskap til journalsystemet er ein fordel (Visma profil & Sensio)
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har evne til å arbeide sjølvstendig men og saman med andre
- Vise fagleg engasjement og evne til å arbeide strukturert
- Motivert og serviceinnstilt
- Har evne til å ta ansvar
- Vere nytenkande og interessert i utvikling
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Tett fagmiljø og fagtime x 1 per veke
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Rekrutteringstillegg til nytilsette
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Kristine Bjørnestad, Avdelingsleiar, 48171358, kristine.bjornestad@sykkylven.kommune.noGulay Kar, Einingsleiar Sykkylven legesenter og heimetenester, +47 47728672
Arbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4914180165
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 16.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Gulay Kar
Einingsleiar Sykkylven legesenter og heimetenester
+47 47728672
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2848181
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0aa22202eca249ff95ef935822c10d68