Vil du vere med å gjere ein forskjell for ungdom i Bømlo?
Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Ungdomskontakt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
Me ser etter ein engasjert og trygg ungdomskontakt som vil vere med å styrke det førebyggjande rusarbeidet i kommunen. Stillinga er knytt til psykisk helseteam for barn og unge, der også det førebyggjande rusteamet inngår som ein viktig del av arbeidet. Du vert tilsett i Barne- og familietenesta.
Som ungdomskontakt får du ei sentral rolle i å førebyggje rusbruk og bidra til at ungdommar opplever støtte, meistring og kjenner seg inkludert. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø, der ulike profesjonar og faggrupper jobbar saman for å møte dei utfordringane ungdom står overfor. Her i samarbeid med SLT (rus og kriminalitetsførebyggjing), samt politi og FACT Ung (tverrfagleg oppfølgingsteam for unge) der teamleiar deltek. Målet er hindre at ungdom fell utafor arbeids- og samfunnsliv.
Arbeidstida er hovudsakleg dagtid, men noko ettermiddag/kveld og helg må påreknast.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Oppsøkjande arbeid i ungdomsmiljøet, oppfølging av ungdom med bekymringsfull og/eller begynnande rusbruk.
- Samarbeid med skule, føresette og andre relevante instansar, som næringsliv og lokale verksemder.
- Vere til stades for ungdom med fast kontortid på ungdomsskule og/eller vidaregåande skule.
- Undervisning og informasjon til elevar, foreldre og andre aktørar.
- Delta i tverrfagleg arbeid i kommunen.
- Bidra til at rusteamet held seg oppdatert på kunnskap om rusfeltet og trendar i kommunen.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning på bachelornivå som t.d. sosionom, barnevern, vernepleie, psykisk helsearbeid, barne- og ungdomsarbeid eller liknande.
- Erfaring med arbeid med ungdom.
- Erfaring med samarbeid med føresette og familiar vert sett på som ein styrke.
- Gode digitale ferdigheiter.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Gode relasjonelle eigenskapar og evne til å bygge tillit.
- Brenn for førebyggjande arbeid blant ungdom og ønskjer å bidra til meistring og inkludering.
- God på samarbeid, men kan også jobbe sjølvstendig og vere løysingsorientert.
- Trygg, lyttande og respektfull i møte med ungdom og samarbeidspartnarar.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4 og Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. Mangfald styrkjer tenesta vår, og me ønskjer å bidra til ei meir balansert kjønnsfordeling ved å oppmode menn om å søkje.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Linda Hellen.
Kontaktinformasjon
Linda Hellen, Verksemdsleiar v/ Barne- og familietenesta, +47 909 61 702, Linda.Hellen@bomlo.kommune.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5013854119
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9a4d83d5-7322-4fe0-b4f1-3e75447ce1ad
- Hentet fra
talentech
- Referanse
676ce696c63b4c509fbf399f119036a7