Hopp til innhold

Miljøterapeut vikariat 100%

Arbeidsgiver

Bufetat

Sted

Marknesringen 48-50, 4052 Røyneberg

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut vikariat 100%
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 12. august

Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom. 

Ved Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg  har vi ledig 2 vikariat som miljøterapeut i 100%  stilling. Den eine stillinga er for tida gjeldende turnus med dag, kveldsvaktar og arbeid kvar 4 helg (lørdag og søndag) og har ei varigheit på omlag seks månader. Den andre stillinga har for tida hovudvekt av vaktene på dagtid og er utan helgearbeid, og har ei varigheit på eitt år. Vikariata kan verta forlenga, og det kan oppstå fleire ledige vikariat i ulik stillingsprosent og varigheit.  


Arbeidsoppgåver

  • Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
  • Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel medan dei bur hos oss.
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Ansvarsvakt.
  • Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.

Kva bakgrunn har du?

Må-krav:

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng. Det kan vurderas anna treårig relevant høyskole-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng innafor relevante fagområde.
  • Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
  • Ha førarkort (minimum) klasse B.

Bør-krav:

  • Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
  • Relevant arbeidserfaring 

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein miljøterapeut som møter ungdom med respekt, varme og tydelegheit. 
  • Du har eit sterkt engasjement for ungdom og evnar å byggje trygge relasjonar. 
  • Du står stødig i krevjande situasjonar og klarer å bevare ro, fagleg fokus og omsorg når det trengst som mest.

Vi ser etter deg som er ;

  • fleksibel
  • løysingsorientert 
  • fagleg engasjert, med gode samarbeidsevner og evnar å arbeide både sjølvstendig og i team
  • god på kommunikasjon, er strukturert og bidreg aktivt til refleksjon, utvikling og eit positivt arbeidsmiljø.

Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt.


Hva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.

Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr. 540 000 – 690 000 pr. år.

Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.

Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 

Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.


Opplysningar til deg som søkjer

  • Vi søkjer etter dei beste hovuda, uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV-en eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillingane er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg
  • Politiattest må framleggas ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.
  • Prøvetid i henhald til Statens personalhåndbok.
  • Opplevar du tekniske utfordringer når du fyllar ut søknaden, anbefalar vi at du tar kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge

Kva skal søknaden din innehalde?

Søknad med CV skal sendas elektronisk via lenkje på denne sida

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teken i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ber og om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.


Kontaktpersoner for stillingen

Kine Wedø

Fagkoordinator

+47 466 1 9029

kinenorland.wedo@bufetat.no

Nina Skåra

Avdelingsleiar

+47 466 17626

nina.skara@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

997ce657-4acf-4110-bde9-f430b55425a9

Sist endret

22. juli 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10304154

Lignende annonser

Laster lignende annonser