Matros i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv49, 5414 Stord, 5694 Onarheim, 5413 Huglo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Matros i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. oktober
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 styrkjer beredskapen i sambandet Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes.I samband med dette blir det oppretta eit nytt skift og skiftordninga vil bli endra. Vi har difor ei ledig stilling som matros.
MF Julsund blei bygd i 2004, men blei i 2019/2020 oppgradert og ombygd til hybrid der batteri er primær-energikjelde for framdriftssystemet.
Kvifor søkje denne stillinga:
- Fast og føreseieleg skiftordning: Du jobbar 12 timar på og 12 timar av –1 veke dag og 1 veke natt. 2 veker på og 3 veker fri.
- Perfekt balanse mellom arbeid og fritid: Ein jobb som passar godt for deg som ønskjer å kombinere arbeidslivet med familieliv og fritidsinteresser.
- Kjekke og dyktige kollegaer: Bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter i eit leiande rederi: Få verdifull erfaring i Norges største ferjeselskap – med moglegheiter for utvikling og vekst.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg.Vi ansetter fortløpande!
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros eller nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom RLF/NHO og Norsk Sjømannsforbund
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 12 timar på og 12 timar av – 1 veke dag og 1 veke natt. 2 veker på jobb og 3 veker fri.
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
Fv495414 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5022972969
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
98fc91aa-e81c-4313-b3f8-c6e79ccc31da
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1145625c76184f63817de263b300b29d