Miljøterapeut
Stavanger ungdomssenter - avd. Lindøy, Bufetat
Lindøy 1, 4013 Stavanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut, fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 12. november
Ved Stavanger ungdomssenter, avd. Lindøy søkjer vi etter engasjert miljøterapeut.
Vi har ledig ei 100 % stilling som miljøterapeut (dag/kveld/langvakt) med oppstart 01.01.26
I turnus jobbar ein kvar 4. helg.
Målgruppa vår er omsorgsplasseringar etter barnevernslova §§ 5-1, 3-2. Ungdomane er i alder frå 13 - 18 år.
Vi har ei personalgruppe som er spredt i alder og kjønn, og samansett med omsyn til fagleg kompetanse
og bakgrunn. For meir informasjon om avdelinga, gå til vår
heimeside: https://www.bufdir.no/barnevern/finn-institusjon/stavanger-ungdomssenter.
Stavanger ungdomssenter femnar om avdelingane Lindøy og Våland. Begge avdelingane har 4 plassar
kvar.
Arbeidsoppgåver
- Målstyrt miljøterapi med fokus på traumesensitiv tilnærming.
- Ivaretaking av ungdomane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Reinhald og matlaging.
- Delta på ulike interne møter som overlapping mellom vaktlaga, personalmøter og ungdomsmøter.
- Skriftleg dokumentasjonsarbeid og rapportskriving i Birk.
- Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, helseinstansar m.fl.
- Hovudkontaktarbeid, og det som det inneber av kontakt med samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan også vurderast.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- God kjennskap i bruk av IT-verktøy.
- Sertifikat kl. B
Det er ønskeleg med erfaring og kjennskap frå:
- Miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon.
- Kjennskap til barns rettigheiter i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Traumebevisst omsorg.
- Kartleggingsverktøy som Aseba og Motiverande intervju.
- Tryggleik og sikkerheit
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har gode evnar til å bygga relasjonar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar
- er løysingsfokusert, fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte
- er trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov
- har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team
- har tru på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet
- har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar
- er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk
- har god fysisk og psykisk helse
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 - 615 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 540 000 - 670 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 548 500 - 670 000 pr. år .
- Ved tilsetjing i deltidsstilling kan følgjande stillingskodar vere aktuelle. 1486 miljøarbeidar, p.t.kr 420 000 - 520 000, 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 434 500 - 540 000 eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 - 560 000.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Opplysingar til deg som Søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker
vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk. - Stillinga er for tida lagt til Stavanger ungdomssenter avdeling Lindøy.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkar, må du legga ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du legga ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Merete Gulliksen, Fungerande avdelingsleiar, 90071245Ole Tormod Wasbø, Einingsleiar, oletormod.wasbo@bufetat.no
Arbeidssted
Lindøy 14013 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5033478435
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Merete Gulliksen
Fungerande avdelingsleiar
90071245
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
98a457ff-ccf7-44e3-add9-201e8d259a91
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e643203af1724f638881bfe255a703eb
Lignende annonser
Miljøterapeut i Toppordning (3/7- 4/7 medleverturnus) - Stavanger
Arbeidsgiver
Aberia Ung AS
Sted
Sandnes
Arbeidsgiver
WRK Bemanning AS
Sted
Stavanger
Arbeidsgiver
Abri Dialogue
Sted
Sola