Inntak- og forløpskoordinator
Avdeling for rusmedisin/ Dr. Martens, Helse Bergen HF
Hatleveien 7D, 5038 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Inntak- og forløpskoordinator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
På Dr. Martens blir pasientane møtt av ein flott tverrfagleg personalgruppe. Hos oss møter du erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar, psykolog med meir. Pasientrommene er store og fine, dei fleste med eigne bad og nydeleg utsikt over byfjorden. Å ha eit sunt og variert kosthald er viktig, også i behandlingskvardagen. Våre tilsette bidrar kvar dag til at pasientane våre kan glede seg til både frukost, lunsj og middag. Vi tilbyr fleire treningsaktivitetar vekentleg, anten på eige treningsrom, eller i nærområdet. Alle tilsette er til stades for å bidra til eit heilskapleg tilbod til våre pasientar.
Arbeidsoppgåver
- Som inntak- og forløpskoordinator ved Dr. Martens blir du ansvarleg for å koordinere inntak av pasientar opp mot behov og kapasitet, i samarbeid med inntaksansvarleg overlege og seksjonsleiinga. Ein vesentleg andel av pasientane vil komme til korttidsposten i akuttforløp, for eksempel etter innlegging i psykiatrisk akuttmottak (PAM). Du får saman med overlege ei sentral rolle med å vurdere pasientar for inntak i korttidsposten, med mål om å at den enkelte pasient sikrast riktig behandling på riktig sted til riktig tid. Rask avklaring av vidare forløp for den enkelte pasient er sentralt, herunder koordinert overføring til neste oppfølgings- og behandlingsinstans. Stillinga krev løpande kontakt med samarbeidande instansar både innad i AFR og i Helse Bergen, men også ut mot andre sentrale aktørar som kommunar og private/ideelle organisasjonar. Godt samarbeid med desse tenestetilboda er viktig for å lykkast i arbeidet.
- Arbeidet med inntak- og koordinering er avhengig av antal førespurnader. All resttid i stillinga er knytta til drift av sengepostane saman med øvrig postpersonell.
Kvalifikasjonar
- Relevant helsefagleg (spl/vpl) utdanning på minimum bachelornivå
- Erfaring frå behandling av pasientar med rus- og avhengigheitsliding
- Som person er du positiv, open, nysgjerrig og god på samarbeid og skaper tillit til både pasientar, pårørande og samarbeidspartnara.
Er du klar for å vere AFR sin inntak- og forløpskoordinator for korttidsposten på Dr Martens? Da håper vi å høyre frå deg
Vi tilbyr
- Lønn iht avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Kato Oksnes, Seksjonsleiar, +47 92415709Arbeidsstad
Hatleveien 7D5038 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5021385616
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Kato Oksnes
Seksjonsleiar
+47 92415709
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
98874bb7-97dd-4da0-8499-3b3c2bf0f32e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9350c2f1cb24406295b07e4b3a556303