Tømrar ynskjast til fast stilling -- Hos oss får du varierte dagar og gode vilkår!
Ivar A. Sunde AS
Hjelmbrekkevegen 5, 6847 Vassenden, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tømrar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vi i Ivar Sunde AS har ein solid ordretilgang, og søkjer difor fleire tømrarar til vårt flinke og erfarne team for å styrke staben for framtida! Hos oss får du ta del i ein spennande og varierande arbeidskvardag saman med kollegaene dine. I tillegg til dette blir du både gitt ansvar, og du får jobbe saman med andre kjekke folk med positiv innstilling.
Har du tømrarerfaring frå før og kunne tenkt deg nye utfordringar ? Då er dette stillinga for deg!
Dette vil du gjere:-
Variert arbeid -- Frå reisverk til innvendig panel, golvlegging og alt i mellom. Du vil få moglegheit til å jobbe med alle delar av prosjekta.
-
Leie små team -- Du vil få ansvar for eigne oppgåver og bidra til å leie mindre team på prosjekta våre.
-
Samhandling i team -- Vanlegvis vil du jobbe i team på 2--4 personar, men det kan også førekomme at du jobbar aleine på enkelte oppgåver.
-
Du har erfaring som tømrar , og gjerne fagbrev , men vi er også opne for at relevant erfaring og interesse kan veie opp for manglande fagbrev.
-
Du kan ta ansvar for dine oppgåver , og har evne til å leie både deg sjølv og mindre team.
-
Du har førarkort klasse B (helst også BE), og det er ein fordel om du har relevante kurs, men om dette manglar er dette noko som vi gjerne ordnar etter at du har starta
-
Fast stilling med heilårsarbeid -- Du får ein stabil jobb med variert arbeid heile året.
-
Gode arbeidsvilkår -- Vi tilbyr konkurransedyktige betingelsar, gode arbeidsvilkår og fleksibilitet. Ved reisejobb dekkjer vi bustad og gir diett etter statens satsar.
-
Godt, uformelt og triveleg arbeidsmiljø -- Du får kollegaer som er erfarne og har vore med oss i mange år -- fleire i over 10 år.
-
Utstyr og verktøy -- Vi stiller med alt du treng, frå verktøy og arbeidsklede til firmabil
-
Førarkort klasse B (BE er ein fordel men ikkje noko krav)
-
Norsk skriftleg og muntleg
Er du klar for å ta ansvar og bidra til å levere godt handverk? I tilfelle er dette deg! Vi ønskjer å ha den rette personen på plass så snart som mogleg. Følg linken, og send inn ein forenkla søknad og CV
Vi forbeheld oss retten til å ansette fritt uavhengig av dokumenterte kvalifikasjonar. For oss er det aller viktigaste arbeidslyst, arbeidsevne og arbeidsmotivasjon -- og at du passar inn i det gode arbeidsmiljøet vårt!
Om bedriften
Vi er ein solid og allsidig entreprenør med base i Sunnfjord -- og har halde det gåande sidan 1972. Med over 48 år i bransjen og 11 dyktige tilsette, er vi eit lag med brei erfaring innan tømrararbeid, betong og grunnarbeid. Selskapet vart AS-registrert i 1997, og har sidan den gong hatt jamn drift og stabile arbeidsforhold.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med oppdrag innan nybygg, tilbygg, rehabilitering, betongarbeid, mur og puss, kjærneborring og betongsaging, traktor- og gravearbeid, samt mindre kran- og sveisejobbar. Vi har eigne maskiner og utstyr, inkludert minimaskiner og helikopterfraktbar gravemaskin, som gjer at vi tek på oss både små og spesialiserte oppdrag.
Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt -- her er det kort veg mellom folk, og alle er med på å få jobben gjort. Fleire av dei tilsette har vore med oss i mange år, og vi legg vekt på tillit, ansvar og yrkesstoltheit. Vi samarbeider tett med lokale aktørar som Jølster Bygg AS, Jostein Sunde AS, Henden Elektro AS, Sunnfjord Betong AS, Førde Stål AS og Førde Bygg AS.
Hos oss får du høve til å utvikle deg fagleg, jobbe breitt og bli del av eit godt og erfarent team.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
986490b0-a23b-424e-b769-d7fc9cbaad2c
- Hentet fra
FINN
- Referanse
426660504