Hopp til innhold

Sjukepleiar eller Vernepleiar på natt - vikariat på Kvinnepost Tertnes

Arbeidsgiver

Rus- og avhengigheitsklinikken, Helse Bergen HF

Sted

Tertnesveien 35, 5113 Tertnes

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/ Vernepleiar natt - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Natt
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. november

Rus- og avhengigheitsklinikken har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Kvinne- og familieavdeling er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken og består av ei sengepost, Kvinnepost Tertnes og poliklinikk/ambulant team, Familieambulatoriet. Kvinnepost Tertnes består i dag av  psykologar,  legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.

Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg tilbod om brukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar. 

Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg og behandlingen består mellom anna beståande av gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.

Vi har no ledig eit års vikariat i 50% stilling på natt som sjukepleier eller vernepleier frå januar. Det er moglegheit for forlenging. 

Arbeidsoppgåver

  • Ivaretaking av pasientar
  • Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring og overgang til frivillig behandling
  • Medikamenthandtering
  • Avrusing, stabilisering og abstinensbehandling
  • Praktiske gjeremål på posten

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Vere tolmodig, ansvarsbevisst, nøyaktig og engasjert
  • Trivast med å arbeide på natt
  • Evne til å samarbeide godt med andre
  • Er fleksibel, løysningorientert og kan jobbe sjølstendig innanfor rammene
  • Positiv innstilling til oppgåvene som er på natt
  • Ha evne til å sjå pasientane sine behov
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Katrine Erstad Rødlyng, Leiar, 93888808, katrine.erstad.rodlyng@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Tertnesveien 35
5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5198900595
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Katrine Erstad Rødlyng

Leiar

93888808

katrine.erstad.rodlyng@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

983b44b6-58fd-4b90-8440-577a52dfd100

Sist endret

5. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

27f9d7f410884f11baa41c62072d68d5

Lignende annonser

Laster lignende annonser