Sjukepleiar nattevakt, 100% fast
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing 100% fast sjukepleiar/nattevaktstilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar, nattevaktstilling, frå snarast/etter avtale med einingsleiar, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Arbeid kvar tredje helg, eventuelt langvakter kvar 4. helg.
Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus, samt bonus i denne stillinga på 100 000,- ved bindingstid på to år. Bonus vert utbetalt ratevis gjennom dei to fyrste åra - etter avtale. Me har også, for tida, ekstra helgekompensasjon.Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Stillinga vil i fyrste omgang vere knytt til sjukeheimen, men det kan vere aktuelt med oppgåver både i heimetenesta og på sjukeheimen ved behov
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Avløysar for avdelingssjukepleiar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Sletting av studielån!
Bur du i Gulen kommune og er i jobb kan du få sletta 25 000kr av studielånet ditt (oppteninga starta 01.01.2025, som gir gjeldssletting tidlegast 01.01.2026). Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Alle yrkesaktive som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 frå 01.01.2025, eller flyttar hit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt år kunne få sletta 25 000kr i året. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når den er teken opp (kjelde,www.regjeringa.no).
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Nina Haveland
Einingsleiar Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
+4745871550
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
978c8d33-ab78-4d18-a012-5cf00fc0cbe1
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264475