Ledig stilling som kommunkasjonsrådgjevar og prosjektmedarbeider i FolkOrg (inntil 100% fast)
FOLKORG - ORGANISASJON FOR FOLKEMUSIKK OG FOLKEDANS
Oslo
Om jobben
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgiver og prosjektmedarbeider
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. januar
FolkOrg søker ein engasjert og utviklingsorientert rådgjevar innan kommunikasjon i inntil 100 % fast stilling. Rådgjevaren får ansvaret for FolkOrgs kommunikasjonsarbeid, profilering og pressearbeid. Arbeidet vil gå føre seg i tett samarbeid med dei andre tilsette i organisasjonen.
Ein liten del av stillinga (ca 20%) vil vere som prosjektmedarbeider knytt til for eksempel Folkelarm, seminar, prosjekt, gjennomføring av landsmøte, osv, samt ha ansvar for koordinering og rådgjeving knytt til FolkOrgs arrangørnettverk.
Døme på oppgåver i stillinga:- Ansvar for FolkOrg sine nettsider og sosiale plattformer.
- Planlegging, koordinering og gjennomføring av profilering av FolkOrg gjennom presse- og marknadsføringsarbeid for arrangement, prosjekt og ulikt arbeid FolkOrg gjer.
- Utforming og utsending av pressemeldingar, nyhendebrev, årsmelding m.m.
- Ulike kommunikasjonsfaglege oppgåver og medlemskontakt.
- Produksjon av tekst og bilete, samt grafisk formgjeving av ulikt slag.
- Ulike arbeidsoppgåver, planleggings- og koordineringsarbeid knytt til ulike prosjekt som t.d. Folkelarm og landsmøte.
- Koordinering og rådgjeving knytt til arrangørar på folkemusikkfeltet.
- Erfaring med kommunikasjons- og pressearbeid.
- Ein god penn og eit godt språk - både på nynorsk og bokmål.
- Evne til informasjonsstrategisk tenking og sjølvstendig arbeid.
- Kompetanse og erfaring frå publisering og sosiale medium.
- Erfaring med foto- og videoproduksjon og tilknytt programvare er ein fordel.
- Kompetanse på grafisk formgjeving og t.d. bruk av Canva, inDesign osb.
- Kjennskap til musikk- og/eller kulturfeltet, og helst kjennskap til folkemusikk- og folkedansfeltet.
- Arrangørkompetanse/arrangørerfaring.
- Høgare utdanning innan informasjon/kommunikasjon eller liknande. Relevant erfaring kan erstatte formell utdanning.
- Du er kreativ, god formidlar og skriv godt og raskt.
- Du har gode kontaktskapande eigenskapar samt god evne og vilje til samarbeid.
- Du har gode planleggings- og gjennomføringsevner.
- Du er sjølvgåande, initiativrik og strukturert.
- Du er positiv, konstruktiv, fleksibel og ser gode løysingar.
Arbeidsstad er på FolkOrg sitt kontor i Møllergata 39 i Oslo.
Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen sin pensjonsavtale.
Næraste overordna er dagleg leiar. Ein må rekne med noko ugunstig arbeidstid knytt til somme arrangement iløpet av året, t.d. landsmøte, Folkelarm, Landskappleiken og Landsfestivalen.
I tråd med utvikling i organisasjon og administrasjon kan det kome justeringar i ansvarsområdet for stillinga.
Dato for oppstart:Så fort som råd.
For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi, på telefon 90969383, eller e-post: aslak@folkorg.no.
Søknadsfrist 8. januarOm bedriften
FolkOrg -- organisasjon for folkemusikk og folkedans har som sitt føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. Vi har i dag om lag 4500 enkeltmedlemmer, og om lag 160 lokale og regionale spel- og danselag. Vi har også yrkesutøvarmedlemmer og arrangørmedlemmer.
Sektor
Privat
Nettsted