LIS i Nevrologi. 3 faste stillingar og 3 årsvikariat. (november/mars)
Nevroklinikken/ Nevrologisk avdeling, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
LIS i Nevrologi. 3 faste stillingar og 3 årsvikariat
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Hei, vi utviklar Nevrologien på Haukeland – vil du vere med på laget?
Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt? Sjekk Nevropodden på Spotify!
Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter.
Nevrologisk avdeling har glede av å lyse ledig 3 faste stillingar og 3 årsvikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi. Oppstart for stillingane er 01.03.2026 eller etter avtale. Vi har ønske om tilsetting av 1 vikar allerede 01.11.25. Ta snarleg kontakt om det er aktuelt. Ved intern tilsetting i fast stilling, kan fleire vikariat bli ledig, og vikariat som LIS 2/3 kan som regel forlengast og føre fram til spesialisering. Fast stilling vil bli omgjort til stilling som legespesialist etter fullført spesialisering.
Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innanfor nevrologien, er det god anledning for fordjuping undervegs i spesialiseringa. Lenke til utdanningsplan Nevrologi HUS
Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning inkludert PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes (sjå lenker) nevrodegenerative sjukdomar og MS, hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi.
Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og søke og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse.
Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt.
Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering og oppfølging av pasientar i vakt og på sengepost
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på avdelinga
- Gi god omsorg for pasient og pårørande
- LIS deltar i poliklinisk vurdering av pasientar under supervisjon
- Deltaking i internundervisning og praktisk undervisning for legestudentar
- Involvering i forbetringsarbeidet i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i nevrologi
- For vikariat kan Cand.med. med norsk autoriasjon, som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar
- Søkar må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring og fagleg motivasjon
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Petter Schandl Sanaker, Avdelingsjef, 55976059, petter.schandl.sanaker@helse-bergen.noCarolin Sparchholz, YLF-tillitsvalgt, 94185532, carolin.sparchholz@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5023276039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
97174673-9d32-40fa-9542-ff702c923cc6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0ef72e3e586f45859b4cbd2fab6ed80c