Forlagssjef til Samlaget
Ei av forlagsbransjens mest spennande stillingar er ledig
Mariboes gate 13, 0183 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Forlagssjef
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 27. oktober
Vi ser etter ein god generalist på forleggjarfeltet, som er van med å balansere «børs og katedral». Stillinga krev eit marknadsorientert blikk og forretningsteft, og samstundes må forlagssjefen ha vilje og evne til å jobbe tett med nokre av landets fremste forfattarar med fokus på det litterære. Vedkommande må vere glad i å bruke og utvikle nettverket for å hente inn prosjekt og rekruttere forfattarar.
Forlagssjefen er leiar for redaksjonen med ansvar for det redaksjonelle arbeidet og har personalansvar for tolv tilsette i avdelinga. Stillinga har budsjett- og resultatansvar for redaksjonen, og forlagssjefen står for den daglege leiinga av avdelinga. Stillinga rapporterer til forlagsdirektøren og inngår i leiargruppa.
Arbeidsoppgåver
Den viktigaste oppgåva til forlagssjefen blir å hente inn nye prosjekt, rekruttere forfattarar og etablere ein struktur for kontinuerleg idéutvikling. Vedkommande må derfor forstå marknaden og utviklinga i lese- og kjøpevanane til folk.Det er venta at forlagssjefen gjennom leiargruppa deltek aktivt i den langsiktige utviklinga av forlaget, med særskilt ansvar for den redaksjonelle utviklinga.
Andre oppgåver
- gjennomføring av den overordna planen med vekt på dei redaksjonelle prioriteringane
- saman med marknadssjefen budsjettere og setje salsmål for enkelttitlar
Vi ser for oss at relevante kandidatar har
- solid forståing for det nynorske språkprosjektet og den nynorske kulturhistoria
- solid innsikt i forleggarfaget med utgivaransvar, ytringsfridom og etikk
- leiarerfaring og evne til å skape samhald og godt samarbeid i kvardagen
- forståing for utfordringane i bransjen og den særeigne posisjonen til litteraturen i samfunnet
Vi kan tilby
- lønn etter avtale
- konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar
- eit triveleg arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- moderne kontorlokale i Oslo sentrum
- leilegheit i Roma
Kontaktinformasjon
Gro Møllerstad, Seniorrådgiver, +47 91559752, gro.mollerstad@habberstad.noArbeidssted
Mariboes gate 130183 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Privat sektorReferansenr.: 5191055726
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Det Norske Samlaget er eit av Noregs eldste forlag, grunnlagt i 1868. Samlaget er organisert som ei stifting der overskotet av drifta blir reinvestert i forfattar- og forlagsutvikling. Samlaget gir ut litteratur på nynorsk. Redaksjonen er organisert i fire underredaksjonar: skjønnlitteratur, sakprosa, barn og unge og høgare utdanning. Forlaget publiserer også digitale ordbøker. Samlaget har satsa på lydproduksjon og har ein katalog på rundt 500 lydfiler fordelte på lydbøker og lydoriginalar. Saman med tankesmia Minotenk driv Samlaget Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring. Forlaget har i overkant av tretti tilsette og hadde i 2025 ei omsetning på 77 millionar kroner og eit årsresultat på 4 millionar kroner.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
96dbb69c-d198-426f-a07a-92d5d480a687
- Sist endret
12. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
68b75532da604b97b64e2974969fcbe3