Førstekonsulent/namsfullmektig
Møre og Romsdal Politidistrikt
Industrivegen 92, 6600 Sunndalsøra
Om jobben
- Stillingstittel
- Førstekonsulent/namsfullmektig
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. november
Om stillinga
Møre og Romsdal politidistrikt har ledig fast stilling som førstekonsulent innan sivil rettspleie/namsmannsoppgåver.
Vi søkjer etter ein motivert og serviceinnstilt medarbeidar til interessante og utfordrande oppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø. Dine hovudoppgåver vil vere saksbehandling innan sivil rettspleie, rettleiing av publikum og mottak av søknad om pass/ID-kort, kontrollere identitet og sikre korrekt opptak av biometriske data. Oppsøkjande verksemd er ein del av stillinga i samband med forkynningar og namsmannsoppgåver. Arbeidet er kjenneteikna av mange utfordringar av juridisk og praktisk art som det må takast stilling til.
Stillinga er underlagt Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt, og har oppmøtestad på Sunndal politistasjon.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer deg som er personleg eigna, motivert og serviceinnstilt, med forståing for namsmannen sin rolle i samfunnet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet. Du har gode IT-kunnskapar, og trivst med å samarbeide med andre.
Vidare søkjer vi etter deg som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og byggjer tillit til publikum, noko som er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Betjene publikumsekspedisjonen ved Sunndal politistasjon
- Sjølvstendig saksbehandling innan sivil rettspleie (forliksråd, utleggssaker mm.)
- Rettleie publikum ved oppmøte og via telefon, i enkle forvaltningsgjeremål
- Motta og registrere søknad om pass/nasjonalt ID-kort, herunder dokumentkontroll og ID-kontroll, dagsoppgjer kasse mm.
- Hittegods
- Fokus på førebygging gjennom forvalting
- Halde seg oppdatert på gjeldande lover, forskrifter og rundskriv innan eige fagområde
- Stemnevitne
- Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid
- Kontakt med andre samarbeidsetater
- Kan påleggjast andre arbeidsoppgåver
Hovuddelen av stillinga er knytt til betjening av publikumsekspedisjonen ved Sunndal politistasjon, med saksbehandling innan sivil rettspleie og handtering av søknadar om norske pass og nasjonale ID-kort, samt varetaking av stemnevitnefunksjon. Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Relevant høgare utdanning med minimum 3 år på høgskule/universitet
- Relevant fagbrev og/eller erfaring kan kompensere for kravet om utdanning
- Gode IT-kunnskaper
- God skriftleg og munnleg uttrykks- og formidlingsevne på norsk
- Økonomisk vederheftigheit. Om du blir invitert til intervju må du ha med deg utskrift av kredittinformasjon om deg sjølv for å vise at du ikkje har betalingsmerknadar.
Det er også ønskjeleg med:
- Erfaring frå sivil rettspleie, bank eller inkassoverksemd
- Erfaring frå offentleg saks- og klagebehandling
- Juridisk og økonomisk kompetanse/forståing
- Kjennskap til forvaltningsrett
- Erfaring frå publikums-/kundebehandling
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
- Førarkort kl. B
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet, samt ha økonomiske vederheftighet for å kunne tilsetjast i denne stillinga. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast i stillinga, ser vi for oss at du:
- Er sjølvstendig og avgjerdsfør
- Er serviceinnstilt og løysingsorientert i tidvis hektiske og hendingsstyrte omgjevnadar
- Har gode samarbeidsevner
- Er nøyaktig
- Evner å tilegne deg ny kunnskap
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit. Du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Stillinga vert lønna som førstekonsulent (stillingskode 1408) med årslønn frå kr. 510 000 til kr. 570 000
- For særskilt kvalifiserte kan høgare stillingskode og lønnsplassering bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Bruk funksjonen for å hent inn originalvitnemålet ditt frå vitnemålsportalen.no under vedlegg til søknaden. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Olav Bråten
Politistasjonssjef
+47 91584556
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
95a21149-d2ba-4685-a33b-41fba90d72a7
- Sist endret
22. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267426
Lignende annonser
Forsikringsrådgiver
Arbeidsgiver
Surnadal, Heim og Tingvoll Gjensidige Brannkasse
Sted
Tingvoll
Arbeidsgiver
Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Sunndalsøra
Arbeidsgiver
Surnadal kommune Helse og familie
Sted
Surnadal