Er du vår nye pedagog eller assistent? Me har ledig eit 100% vikariat (med moglegheit for forlengelse).
Breiflabben Barnehage As
Åsen 75, 5440 Mosterhamn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærer
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. oktober
Send søknad til
Kven er me?
Me verdset dei små og gode møtene - kvardagsmagien som oppstår når ein engasjert vaksen møter nyfikne barn i vill og variert natur. Dei minste av oss møter naturen på eigne tilrettelagde premisser: Barfot i mosen, ei svaiande hengekøye i skogen og plasking i strandkanten - saman med vaksne som formidlar ro og kjærleik i store monn. Dei største syklar langt av gårde, klatrar i dei høgaste trea, drar på fisketur og opplever vaksne som løftar dei opp og fram!
Me tilbyr:
-
eit godt arbeidsmiljø der alle kjenner alle
-
friheit til å påverke eigen arbeidsdag
-
nødvendige midlar til utviklingsarbeid på avdelinga
-
medlem av pbl og føl deira tariff og penjonsordningar
Me er meir enn summen av våre deler. Me vil byggje eit team som arbeidar saman og løftar kvarandre mot felles mål. Me har ambisjonar langt utover den gemene barnehage: I alt me gjer siktar me mot stjernene. Natur, rørsle og meistring i trygge omgivnadar skal prege all vår drift - er du den som fasiliterer dette?
Kven er du?
Du vil ut og opp! Du trur at ting går an og du veit at barn kan! Du seier ja! Om du helst vil arbeide med små eller store barn betyr ikkje så mykje for oss, me lager rom for den rette! Det er nemleg ikkje slik at me trur me kan finne den som passer perfekt inn i vår visjon - men me tur me kan finne deg som gjer vår visjon litt betre!
Me har ledig ei 100% vikariat stilling med varigheit til 1 desember 2026 (med moglegheit for forlengelse). Me ynskjer å høyre fra deg som er utdanna pedagog, barne og ungdomsarbeider/fagarbeidar, deg som har erfaring eller du som ynskjer å teste ut om barnehage yrket er noko for deg. Me er på jakt etter deg som:
-
har masse kjærleik å gi og er ein trygg og god vaksen for barna
-
er trygg i rolla som pedagog/pedagogisk medarbeidar/assistent
-
er brennande opptatt av å setje barns beste først
-
er god til å samarbeide og gir positiv energi til dei rundt deg
-
kan arbeida sjølvstendig
-
er fleksibel
-
Meiner at barn har det beste ute
-
Kan tenkje utover avdelinga og på heilskapen i barnehagen
-
Er vasstett, kan lage mat på bålet og tar utfordringar på strak arm
Ynskje vårt er at me skal opplevast som ei forlenging av heimen, og at her skal det være trygt og godt for alle barn å kome. Du skal helst ikkje ta med jobben heim, men du MÅ ta deg sjølv med på jobb!
Arbeidsoppgåver
-
leie/delta i det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med barnehagens visjonar og i samsvar med gjeldane lovar og forskrifter
-
Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering, og utviklingsarbeid på di avdeling og i barnehagen
-
sørgje for godt foreldresamarbeid, leie/delta på foreldremøter og foreldresamtalar.
-
delta i og leie barnehagens satsing på natur, friluftsliv og fysisk aktivitet
Aktuelle kandidater vert teke inn til intervju undervegs. Ta og gjerne kontakt på anten mail eller telefon om du har spørsmål om stillinga.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ein liten friluftsbarnehage med fokus på natur, kropp og helse. Me har eit engasjert personale som vil skape ein trygg stad for barn og foreldre.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
959fd24d-c921-4d12-bbf1-3c6ac867e576
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
959fd24d-c921-4d12-bbf1-3c6ac867e576