Postdoktor
Universitetet i Bergen
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Postdoktor
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 16. september
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til det nyskapande ERC Consolidator grant prosjektet Decoding Death and Dying in People with Dementia by Digital thanotyping (5-D) finansiert av European Research Council (ERC).
5-D-prosjektet skal utvikle metodar og digitale verktøy for å identifisere at ein person med demens er i slutten av livet, med sikte på å forstå underliggande smerte og symptom hos menneskjer som ikkje lenger er i stand til å forklare si liding. Prosjektet vil kombinere tradisjonelle vurderingsskalaer med sensorbaserte målingar, med nye analyser basert på signalbehandling og kunstig intelligens.
5-D er ein del av ei innovativ, aktiv og tverrfagleg forskingsgruppe: Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS), som har fleire pågåande studiar der sensordata frå wearables og radarinstallasjon nyttes til å overvake symptom, intervensjonseffektar, og sjukdomsforløp hos eldre vaksne og personar med nevrologiske sjukdommar som demens og Parkinsons sjukdom. Professor Bettina S. Husebø er leder for SEFAS. Senteret har cirka 20 ansatte, og eit stort nettverk både nasjonalt og internasjonalt. SEFAS er partner i Alrek helseklynge, Årstadveien, Bergen, og får støtte av Trond Mohn Stiftelsen relatert til et Senter for komplekse sykdommer og aldring (CC.AGE).
Les meir om prosjektet: https://www.uib.no/sefas
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
- Postdoktoren skal utføre kvantitativ dataanalyse ved bruk av avanserte analyse som signalprosessering or modellering av dynamiske system, og skal bidra til å utvikle dynamiske og kunnskapsdrevne beslutningstaking modeller.
- Postdoktoren vil delta aktivt i rettleiingsprosessen av phd-studentar som hovudeller birettleiar.
- Postdoktoren vil inngå i eit tverrfagleg team for å utforme nye utfallsmål for smerte og åtferdsmessige og psykiske symptom ved demens.
- Postdoktoren skal bidra til gjennomføring av studien samen med eit tverrfagleg team av klinikarar, forskarar, ingeniørar, phd-studentar, statistikarar og brukerrepresentantar.
- Postdoktoren skal aktivt inkluderast i SEFAS sitt nasjonale og internasjonale samarbeid.)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk, systemteknikk, kybernetikk, anvend matematikk eller anna relevant grad på same nivå, og søkjar må i tillegg ha ei spesialisering i signalprosessering, bioinformatikk, simulering/visualisering, eller dynamiske system, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.
- Søkjar må ha gode evner innan programmering, utmerket kunnskap om algoritmar, numeriske metodar, og signalprosessering
- Obligatorisk erfaring or formell opplæring: signalprosessering, medisinske/biologiske applikasjoner, sensorteknologi og sensordata, Matlab
- Svært gode språkkunnskapar i engelsk munnleg og skriftleg er eit krav
- Fordelaktig tidlegare erfaring: arbeid/forskning med eldre vaksne i heimeteneste, sjukeheim eller sjukehus, gode norskkunnskapar, ontologier/fuzzy system, andre relevante forskningsprosjekter
- Søkjarar som oppfyller krava til stillinga vil bli rangert etter styrke innanfor sine respektive felt i forhold til relevansen av deira kompetanse mot SEFAS’ nåverande behov, strategiske mål og prioriterte områder for framtidig utvikling.
- Personlege eigenskapar som vil vektleggas i vurderinga av søkjarane er blant annet evne til å arbeide sjølvstendig strukturert, samarbeide med andre, motivasjon, ansvarskjensle, arbeidsevne og entusiasme for forsking.
- I rangeringa av kandidatar vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som stillinga krev
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir e nn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 660 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten for søkjar med profesjonsstudie i medisin og odontologi er løn for tida kr 670 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 695 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet).
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
- Relevante attestar
- Publikasjonsliste
- Vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Bettina S. Husebø, Bettina.Husebo@uib.no; +47 48094660
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9588ca9f-f627-4b94-83d9-b201292422ae
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260797