Sommarjobb for ungdom i Barnehage og SFO
Bygland Kommune
Sentrum 18, 4745 Bygland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb for ungdom - Barnehage og SFO
Oppstart
23. juni 2025
Type ansettelse
Sesong, deltid 0%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Alle barn i barnehagane i Bygland skal få erfare å vere ein viktig del av fellesskapet. Vi legg til rette for gode relasjonar og venskap slik at barna skal ha ein trygg kvardag i samspel med andre. Leik vert prioritert, og dei gode felles opplevingane på tvers av alder, samarbeid med skulen/SFO og turar i nærområdet er viktige for oss.
Bygland barnehage ligg i Bygland sentrum, like ved Bygland skule og Byglandshallen. Bygland barnehage har 2 avdelingar med tilsaman 26 barn. I tillegg har SFO base i barnehagen. Byglandsfjord barnehage ligg i sentrum av Byglandsfjord, og er i same bygg som skulen. Årdalshallen ligg også rett ved sida av oppvekstsenteret. Byglandsfjord barnehage har to avdelingar, med tilsaman 17 barn. Vi har ein variert og stor uteleikeplass, og det er gangavstand til bl.a. butikk og bibliotek.
Det er no ledig sommarjobb for skuleungdom i barnehagane. Målet er å kunne tilby minst 2 vekers samanhengande arbeid pr. ungdom i aldersspennet 16 - 20 år, i følgjande veker: 26-27-28 og eventuelt veke 32 etter behov.
Vi tibyr to veker per ungdom.
- Bygland barnehage og SFO har 2 ledige stillingar. Ein ungdom på kvar avdeling.
- Byglandsfjord barnehage og SFO har 2 ledig stillingar.
I søknaden ber vi deg oppgi kva stillingar du søker på. Skriv ein søknad der du fortel om deg sjølv, og kva du eventuelt tidligere har hatt av sommarjobber/andre jobbar og kva du driv på med på fritida. Fint om du også legg med attestar og vitnemål.
Vi tilbyr- Ein triveleg arbeidsplass med mykje aktivitet
- Avlønning i høve til Hovedtariffavtalen i kommunen , og tilrådingar for lønn til unge arbeidstakarar.
VIKTIG! Det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før tilsetting trer ikraft (jf. Opplæringsloven §10-9, og forskrift til opplæringslova kap15.).
Arbeidsoppgaver
- Delta aktivt i leik og aktivitet med barn.
- Førebu måltid og andre praktiske oppgåver.
- Samarbeide med tilsette og foreldre
Kvalifikasjoner
- Du må vere mellom 16 og 20 år.
- Erfaring med arbeid med barn er ein fordel.
Personlige egenskaper
- Du liker å vere i lag med barn og kan sette i gang aktivitetar.
- Du er tolmodig og omsorgsfull.
- Du liker å vere ute.
- Du er leiken og nysgjerrig.
- Du er positiv og tar initiativ.
- Du er sosial og inkluderande
Kontaktinformasjon
Sigrid Greibrokk, Barnehagestyrer, Bygland barnehage, +4795746056, siw.homme@bygland.kommune.noSiw Homme, Barnehagestyrer, Byglandsfjord barnehage, +4795116960, siw.homme@bygland.kommune.no
Arbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4951695972
Stillingsprosent: 0%
Sommerjobb
Startdato: 23.06.2025
Søknadsfrist: 27.04.2025
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2915049
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7faf00c8761f46bdb68563ef0a816e04