Rådgjevar
Barn og unge habilitering, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 16. september
Ønskjer du å bidra til betre livskvalitet, meistring og utvikling for barn og unge med funksjonsnedsettingar og samansette behov?
Habiliteringstenesta for barn og unge søkjer ein engasjert rådgjevar til eit tverrfagleg spesialistmiljø. Vi har oppstart i stillinga 01.10.2026
Vi ønskjer ein medarbeidar som kombinerer klinisk kompetanse, heilskapleg tenking og interesse for rettleiing og samarbeid på tvers av tenestenivå.
Om seksjonen
Barn og unge habilitering er ei spesialisthelseteneste for barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Vi arbeider familiesentrert og tverrprofesjonelt, med mål om å styrkje barnet si utvikling, deltaking og livskvalitet.
Hos oss blir du del av eit kompetent fagmiljø med fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, lege, spesialpedagog, vernepleiar, sjukepleiar og barnevernspedagog. Vi legg stor vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og kontinuerleg fagutvikling.
Vi ønskjer å vere ein framtidsretta seksjon og tek aktivt i bruk nye arbeidsformer og digitale løysingar. Mellom anna deltek vi i eit prosjekt der kunstig intelligens (KI) blir testa som støtte i journalarbeid og dokumentasjon. Målet er å frigjere meir tid til pasientar og familiar.
Vi ønskjer mangfald i arbeidsmiljøet vårt og oppfordrar menn til å søkje stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og vurdering av funksjon, deltaking og meistring hos barn og unge med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsettingar
- Bidra i utgreiing, tiltak og oppfølging av barn og unge med utviklingshemming, nevroutviklingsforstyrringar og samansette hjelpebehov
- Rådgiving og rettleiing til føresette, kommunale tenester, skule og barnehage
- Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper i spesialisthelsetenesta og kommunen
- Bidra i arbeid knytt til utfordrande åtferd, tilrettelegging, miljøbehandling og førebyggjande tiltak
- Undervisning, kompetanseheving og fagutvikling
- Deltaking i utviklingsarbeid, nettverk og prosjekt
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer søkjarar med:- Bachelorgrad innan helse- eller sosialfag
- Relevant vidareutdanning eller mastergrad er ønskjeleg
- Kompetanse innan funksjonskartlegging, miljøterapeutisk arbeid eller kognitive tilnærmingar knytt til ulike diagnoser og adfersvansker
- Erfaring med rettleiing av pårørande og tenesteytarar er ønskelig
- Erfaring frå habiliteringsfeltet eller arbeid med personar med funksjonsnedsettingar og samansette behov
- Erfaring med offentleg saksbehandling. Det er ein fordel med erfaring med å skrive uttalelser til statsforvalter
- Erfaring med arbeid knytt opp mot HOL kapittel 9, enten på kommunalt nivå eller spesialistnivå
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Arbeid med utfordrande åtferd
- Videreutdanning i kognitiv terapi eller anna tilsvarande kompetanse
- Arbeid med seksuell skadelig adferd
- Innsikt i, og arbeidserfaring med sjeldne diagnosar og samansette tilstandar, FASD og andre nevroutviklingsforstyrringar
- Erfaring med risikovurdering og førebyggjande arbeid
- Erfaring med opplæring og undervisning
- Erfaring med samhandling mellom kommune og spesialisthelseteneste
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:- Har god relasjonskompetanse og evne til å skape tillit
- Er analytisk og kan sjå heile mennesket og systemet rundt
- Tek initiativ og finn løysingar i komplekse situasjonar
- Arbeider sjølvstendig og strukturert
- Samstundes trivst i tett tverrfagleg samarbeid
- Har engasjement for fagutvikling og kunnskapsbasert praksis
Vi tilbyr
- Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Moglegheit til å påverke utvikling av tenester for barn og unge
- Rettleiing, kompetanseutvikling og fagleg fordjuping
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Martha Thorsheim, Seksjonsleiar, 578 39 000Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5171886096
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Martha Thorsheim
Seksjonsleiar
578 39 000
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
943b2e10-8197-4a60-a25b-c87f8e642d61
- Sist endret
1. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
786aa9196b9d49b1b77411721d1ebbce