Bibliotekmedarbeidar
Biblioteka i Haram, Haram kommune
Lepsøyvegen 23, 6292 Kjerstad, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bibliotekmedarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 10%
Arbeidstid
Vakt, kveld og dagtid, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Vi søker ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei spanande stilling på biblioteka i kommunen.
Haramsbiblioteka består av biblioteka i Brattvåg, Eidet, Lepsøy, Haramsøy og Longva. Dei er organisert under kommunedirektøren sin stab i fagområdet Bibliotek, og blir fagleg leia av bibliotekleiar.
Vi har ledig 10 % stilling på biblioteket på Lepsøy, anna arbeid på dei andre biblioteka kan kome i tillegg. Det må påreknast jobb på dagtid, ettermiddag/kveld og laurdagar.
Alle tilsette utfører skrankearbeid, hjelper besøkande, følger opp bestillingar, utlån og innlevering. Alle hjelper også til med planlegging og gjennomføring av arrangement. I tillegg kan andre oppgåver påreknast.
Vi er omstillingsdyktige og opptekne av utvikling. Målet vårt er at biblioteka skal vere stader for folkeopplysning og livslang læring. Samtidig bidreg vi til å redusere einsemd og forskjellar i samfunnet ved å vere ein gratis møteplass for alle.
På biblioteka møtast folk på tvers av alder, kjønn, utdanning, demografi og etnisitet. I tillegg til rettleiing, tilbyr vi innbyggarane ulike arrangement, som til dømes barnehage- og skulebesøk, forfattarbesøk, seniortreff og babytreff.
Vi satsar på både det fysiske og det digitale biblioteket. Stillinga kan difor innehalde arbeid med SoMe-kontoane til Haramsbiblioteka.
Haram kommune er opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Dersom du er glad i både menneske og litteratur, har vi trua på at du er den rette søkaren.
Arbeidsoppgåver
- Skrankearbeid - opplæring i Bibliofil kan bli gitt
- Indre arbeid som til dømes istandgjering av nye bøker
- Rydde og sette på plass bøker
- Hjelpe besøkande - unge som gamle
- Aktiv formidling - rettleie besøkande, blant anna ved å finne rett bok til rett lesar
- Bistå i planlegging og gjennomføring av arrangement
Andre arbeidsoppgåver kan førekome.
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med bibliotekerfaring eller erfaring frå anna kulturarbeid
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- God kompetanse i bruk av digitale verktøy
- Erfaring frå kundebehandling
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn
Det er ein fordel om søkar har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Positiv
- Kreativ
- Pedagogisk
- God på å kommunisere med alle typer menneske
- Hjelpsam og serviceinnstilt
- Balanse mellom å vere sjølvstendig og ha evne til godt samarbeid
- Eit blikk for oppgåver som må gjerast
Vi tilbyr
- Moglegheit til å gjere ein forskjell i dei besøkande sine liv
- Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Eva Ulla Myren, Gruppeleiar, 98897422, eva.ulla.myren@haram.kommune.noArbeidsstad
Lepsøyvegen 236292 Kjerstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5013068146
Stillingsprosent: 10%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9437e4ff-faa5-46a5-b8e9-5cd006efa87f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9a5429f9fb39490989221656c63a16ff