Forskningsmedarbeidar
KREFTBEHANDLING OG PALLIASJON SUNNMØRE, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Forskningsmedarbeidar
Type ansettelse
Engasjement, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 14. oktober
Forsking er ei av dei fire kjerneoppgåvene i Helse Møre og Romsdal (HMR), og kreftavdelinga har eit sterkt ønske om å bidra aktivt til dette arbeidet. Dei siste åra har avdelinga jobba målretta med å styrke både forskingsstruktur og forskingskompetanse.
Vi lyser no ut eit engasjement i 50 % stilling over tre år som forskingsmedarbeidar innan fagfeltet onkologi. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett samarbeider tett med andre forskingsaktivitetar, særleg på tvers av eigen klinikk og med klinisk forskingspost. Stillinga er mellombels og knytt til forskingsmidlar.
Tilsetting skjer så snart som mogleg.
Det kan vere mogleg å kombinere denne stillinga med anna arbeid. For sjukepleiarar kan det også vere aktuelt å knyte stillinga til arbeid ved sengeposten for kreft og blodsjukdommar.
Arbeidsoppgåver
- Delta i og leie koordinering av kliniske studier
- Praktisk forskningsarbeid slik som utfylling eCRF, innsamling av biologisk materiale, innsamling av pasient rapporterte data (PROMs), inklusjon av studiedeltagere
- Sekretariatfunksjon for klinikken sin forskningskomite og andre aktuelle forskningsnettverk
- Leie nettverksbygging for forskningskoordinering på tvers av foretaket
- Bidra med praktisk støtte til enkeltforskere/forskningsmiljø i klinikken
- Bidra som kontaktpunkt mot samarbeidande forskningsmiljøer
Kvalifikasjonar
- 3 årig bachelor innan helsefagleg utdanning
- Relevant vidareutdanning og/eller utdanning på masternivå kan vere ein fordel
- Kjennskap til helseforetak generelt og HMR spesielt
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- God IKT-kompetanse
- Det kan vere ein fordel at du har formell forskningskompetanse
- Det kan også vere ein fordel om du tidligere har deltatt i forskning – spesielt klinisk forskning
Personlege eigenskapar
- Du arbeidar strukturert, er ryddig og nøyaktig i arbeidet ditt
- Du er pasientorientert og framtidsretta
- Du viser fagleg engasjement i ditt arbeid
- Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
- Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø og har god evne til samarbeid
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Liv Bodil Angvik Ipsen, Seksjonsleiar, +47 70106985, Liv.Bodil.Angvik.Ipsen@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5020096868
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 14.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9411dcbd-0e3a-4f11-af67-a719b5e88e33
- Hentet fra
talentech
- Referanse
256adc813cc04a708319d6c5bbcd3139