Fagarbeidar på Fedje skule (vikar 100% )
Fedje kommune
Stormarkvegen 55, 5947 Fedje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar på Fedje skule (vikar 100%)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Om stillinga
Me søkjer fagarbeidar til Fedje skule i inntil 100% vikariat fram til 31.07.26 med mogleg forlenging.
Fedje skule er ein fådelt skule med elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen har eit godt og inkluderande læringsmiljø. Inneverande skuleår har me fokus på vidare arbeid knytt til oppfølgingsordninga med mellom anna fokus på lesing.
Fedje skule har eit tett samarbeid med barnehagen i kommunen gjennom arbeid med prosjektet «inkluderande barnehage og skulemiljø». Det vil kunne være aktuelt å arbeide i Fedje barnehage i periodar der det er behov for å auke ressursar i barnehagen.
Arbeidsoppgåver
- Gje borna omsorg og tryggleik
- Vere ein god rettleiar i leik, aktivitetar og situasjonar som oppstår
- Delta i det praktiske arbeidet
- Følgje opp enkeltborn med små og store hjelpebehov
- Du er aktiv i samarbeid med kontaktlærar, lærar, andre pedagogiske leiarar, andre tilsette og føresette
- Du bidrar aktivt i arbeidet med å sikre skulen si drift, på tvers av avdelingar, SFO og klassar
- Du samarbeider med PPT, helsesjukepleiar og andre instansar som er involvert i arbeid med borna
- Som assistent eller fagarbeidar kan du bli tillagt ansvar for oppfølging av enkeltbarn eller barnegrupper med dei samarbeidsoppgåvene og særskilte behov det inneber
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Norsk kunnskapar på minst nivå B1
- Det er krav om at det vert lagt fram politiattest før tilsetjing, frå personar som i sitt arbeid er i kontakt med barn – vi viser til lovheimel som gjeld for stillinga.
Dersom ein ikkje får søkjarar med fagbrev barn og ungdom vil ein vurdere å tilsetje andre søkjarar utan formell kompetanse.
Personlege eigenskaper
- Genuint opptatt av barn og interessert i barns utvikling og medverknad.
- Er engasjert og fleksibel
- Har erfaring med barn med spesielle behov
- Er ein tydelig "vaksenperson"
- Jobbar målretta, men har evne til å improvisere og ivareta borna sine uttrykk og innspel
- Er god på å tenke løysningar og sjå moglegheiter
- Du er profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med føresette.
- Du er sjølvstendig, ser oppgåver som må løysast og tar ansvar.
Me tilbyr
- Ein liten skule med små grupper, der du som vaksen kjem tett på barna.
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Moderne, digitale løysningar.
- Tilgang til symjehall og fleirbrukshall
- Gratis barnehage
- Hjelp til å finne bustad
- Ei av Norges beste pensjonsordningar i KLP
- Du vil bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, som tek godt imot nytilsette.
Velkommen til oss!
Fedje - landsbyen i havet
To timer med bil frå Bergen finner du Fedje, landsbyen i havet.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=ocTUJe9wMDoOm bedriften
FEDJE er ein liten øykommune ved ytste vestkyst av Hordaland. Det er i overkant av 500 fastbuande på øya.
Fedje vert kalla «Landsbyen i havet» grunna folk bur tett i tett kring hamna i nord. Fedje er rik på historie og naturopplevingar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
93db55c9-bf56-4772-a85a-8ad629df23bf
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264849