Bli trainee i TenTek! (Maskin-/Skipsingeniør)
TenTek
Budavegen 48, 6082 Gursken
Om jobben
- Stillingstittel
- Trainee - Maskin-/Skipsingeniør - TenTek
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Hos TenTek får du jobbe med utvikling, design og bygging av maritime konstruksjonar og utstyr for havbruksnæringa. Som trainee blir du del av konstruksjonsavdelinga og får vere med på heile prosessen, frå idé og design til ferdig produkt.
Kva vil du jobbe med?-
Konstruksjon og utvikling av maritime produkt og løysingar
-
3D-modellering og tekniske teikningar
-
Utrekningar og tekniske vurderingar
-
Oppfølging av prosjekt frå design til produksjon
-
Engineeringoppdrag for kundar innan maritim næring og havbruk
-
Vi ser etter deg som:
-
Har eller snart fullfører bachelor- eller mastergrad innan maskiningeniørfag, skipsdesign, marin teknikk eller liknande
-
Er nyutdanna eller har inntil 2 års arbeidserfaring
-
Er nysgjerrig, lærevillig og ønskjer å utvikle deg fagleg
-
Likar å finne praktiske løysingar på tekniske utfordringar
TenTek held til i Haugsbygda i Sande kommune og samarbeider tett med søsterselskapet Pipe Systems Engineering. Til saman er vi nærmare 60 medarbeidarar med brei kompetanse innan engineering, produksjon og maritime løysingar
Hos oss får du tidleg ansvar, tett oppfølging frå erfarne ingeniørar og moglegheita til å sjå resultata av det du teiknar og utviklar ute i verkstaden og på sjøen.
Vi tilbyr:
-
Ei variert og praktisk trainee-stilling med fagleg utvikling
-
Tett oppfølging frå erfarne ingeniørar
-
Muligheit til å påverke og ta ansvar frå første dag
-
Eit godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar
-
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Gjennom denne stillinga er du tilknytt Spring -- Traineeprogrammet på Søre Sunnmøre. Vi tilbyr fagleg utvikling, sosialt samhald og erfaringsutveksling i ein framtidsretta region med rolege omgivelsar og spektakulær natur. Vi tilbyr:
-
Fagleg utvikling: Gjennom fire samlingar får du fagleg og personleg utvikling, erfaringsutveksling og bedriftsbesøk. Saman legg vi eit makelaust grunnlag for ei karriere i regionen!
-
Sosialt samhald: Spring arrangerer turar, fellesmiddagar og samankomstar gjennom året. Oppdag fjella, fjøra, dei gode lokalsamfunna, dugnadsånda og idrettsgleda.
-
Erfaringsutveksling: Spring legg til rette for erfaringsutveksling mellom våre traineear, og er ein døropnar til faglege arenaer og nettverk i regionen. Traineeane skal dele erfaringar og rådføre kvarandre gjennom dei faglege samlingane, og får delta på arrangement og konferansar saman med andre næringslivsinteresserte i regionen.
Oppstart: Så snart som mulig
Varigheit: frem til 1. sept 2027, med moglegheit for fast tilsetting etter traineeperioda
Spring Trainee vurderer søknadar fortløpande og vi i Yapril gjennomfører intervju i samarbeid med Tentek og Spring Trainee undervegs i søknadsperioden. Vi oppmodar derfor interesserte kandidatar til å søkje så snart som mogleg.Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
93b7ac8e-5e6a-4987-8de7-e93d05467a7a
- Sist endret
7. oktober 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
476458700