Hopp til innhold

Trafikkleiar

Arbeidsgiver

Firda Billag Buss AS

Sted

Hegrevegen, 6783 Stryn

Om jobben

Stillingstittel
Trafikkleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Firda Billag Buss AS ser no etter ein strukturert og engasjert trafikkleiar til vårt kontor i Stryn. Kjenner du at du trivst ekstra godt når dagen byr på litt fart og utfordringar? Då kan du passe perfekt som vår nye trafikkleiar.

Som trafikkleiar vil du bli ein del av eit team, som har ansvar for dagleg drift i Nordfjord. Du vil vere ein viktig kontaktperson for sjåførar og kundar, og sikre effektiv drift og god service. Rolla kan tilpassast litt kvalifikasjonane til den som søker. 

Arbeidsoppgåver:
•    Koordinering mellom sjåførar, kundar og oppdragsgjevar
•    Disponering av personell og køyretøy og oppfølging av køyreplanar
•    Administrative oppgåver som naturleg høyrer til stillinga

Vi ser etter deg som:
•    Er serviceinnstilt og løysingsorientert
•    Har god digital kompetanse og erfaring med administrative system (t.d. IVU, Visma, Office, andre logistikksystem)
•    Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team
•    Beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg
•    Har relevant erfaring frå trafikkstyring, transport eller administrasjon, men dette er ikkje eit krav

Arbeidsstad:
Hegrevegen, Stryn

 


Kontaktperson for stillingen

Lars Andreas Kårstad

+4795988194

lars.andreas.karstad@firda-billag.no

Om bedriften

Firda Billag Buss AS køyrer dei lokale rutene i Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg har vi eiga turbuss-avdeling og samarbeider med andre busselskap om ekspressbussruter.

Vi er opptatt av å levere tenester av høg kvalitet, og har fokus på at våre passasjerar får ei trygg og god reiseoppleving. Vil du vere med å bidra? 

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

93ab0051-f0d9-48f7-ba6b-a47cf356ed2d

Sist endret

24. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10306709

Lignende annonser

Laster lignende annonser