Rådgivar innan cybersikkerheit
Stab for organisasjon og tenesteutvikling, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar innan cybersikkerheit
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Er du oppteken av cybersikkerheit og vil bidra til tryggare digitale tenester i offentleg sektor? Møre og Romsdal fylkeskommune styrkjer arbeidet med informasjonssikkerheit – med særleg fokus på Microsoft 365 og generativ kunstig intelligens. Vi ser etter ein ny kollega som kan utvikle og drifte automatiserte tryggingsløysingar, og støtte tilsette i sikker og effektiv bruk av digitale verktøy.
Du vil bruke avanserte analyseverktøy og bidra til rask og god handtering av tryggingshendingar. Målet er at personopplysningar og kritisk informasjon alltid skal vere godt sikra. Vil du vere med og forme framtidas digitale tryggleik?
Arbeidsoppgåver
- Overvake data frå sikkerheitsloggar (SIEM/SOAR) og respondere på truslar
- Forvalte system for informasjonsforvaltning (Microsoft Purview)
- Administrere tryggingsinnstillingar og retningslinjer i Microsoft 365Analysere hendingar, vurdere risiko og prioritere tiltak
- Handtere tryggingshendingar som krev manuell oppfølging
- Delta i beredskapsarbeid ved hendingar
- Bidra til å spreie tryggingsløysingar i organisasjonen og sikre nye IT-løysingar
- Automatisere og optimalisere tryggingstiltak
- Gi råd om tryggleik til leiinga
Kvalifikasjoner
Formelle krav- Relevant høgare utdanning på bachelornivå, helst innan datateknologi, informatikk eller informasjonssikkerheit
- Erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Erfaring med operativt tryggingsarbeid
- Kjennskap til offentleg sektor
- God forståing av moderne informasjonssystem, arkitektur, skytjenester og virtualisering
- Kjennskap til tryggingsstandardar som ISO 27001/2 og NSM sine grunnprinsipp
- Sertifiseringar som Microsoft SC-100, SC-200, SC-401, CISSP, CompTIA Sec+ eller liknande
Personlege eigenskapar
- Arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Har forståing for balansen mellom tryggleik, funksjonalitet og økonomi
- Er løysingsorientert og ser heilskapen
- Er ansvarsbevisst
Stillinga inneber ansvar for tryggleik, og det er viktig at du er sikkerheitsmessig skikka. Vi vil gjere ei konkret vurdering av dette for aktuelle kandidatar, basert på den opne trusselvurderinga frå PST.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande stilling i eit fagmiljø prega av profesjonalitet og høg kompetanse
- God tilgang til faglege nettverk og moglegheiter for fagleg utvikling
- Kurs og etterutdanning ved behov
- Fleksibel arbeidstid
- Offentleg tenestepensjon, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring gjennom KLP
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Dagfinn Grønvik, Seksjonsleder IT, 95925924Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5003617756
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Dagfinn Grønvik
Seksjonsleder IT
95925924
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til: Stab for organisasjon og tenesteutvikling (mrfylke.no)
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
93709cbd-72d8-4853-a1e2-8f9847a850ac
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ad6903c56d34430db69697d5efb556ab