Barnevernkonsulent
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
Stillingstittel
Barnevernkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. oktober
Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune har to ledige stillingar:
Ei 100 % fast stilling med snarleg oppstart
Eit 100 % vikariat i tidsrommet 01.11.25-ca.01.09.2026
Har du lyst på varierte barnevernfaglege oppgåver? Då bør du søke no!
Vil du gjera ein forskjell og samtidig ha det fint på jobb? Er du ein engasjert fagperson og ynskjer å vera del av eit fagmiljø der du kan gjere ein positiv skilnad? Vi søker engasjerte tilsette som ynskjer å jobbe i ei teneste prega av utvikling, samarbeid og høgt fagleg fokus. Hjå oss får du eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og godt samarbeid på tvers av fagfelt og med ei kaffipause når det trengs! Barneverntenesta satsar på kompetanse og trivsel!
Opplysningar om arbeidsstaden og stillinga:
Tenesta jobbar etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytt til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern. Du får difor ein variert kvardag og brei erfaring som barnevernkonsulent.
Arbeidsoppgåver
- Undersøking og oppfølging av hjelpe- og omsorgstiltak
- Dokumentasjon, vedtaksskriving og å halde fristar i tråd med lovverket
- Partsrepresentanti Fylkesnemnda og øvrige rettsinstansar
- Deltaking i barnevernfagleg akuttarbeid
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
- Aktiv deltaking i utviklinga av tenesta sitt faglege arbeid
Kvalifikasjonar
- 3-årig relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier.
- Påbegynt eller fullført masterutdanning eller anna relevant vidareutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Det er ynskjeleg med erfaring innan kommunal barnevernteneste.
- Studentar på 3. året sosialfagleg utdanning kan også bli vurdert
- Førarkort klasse B (Krav)
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer deg som:
- har god relasjonskompetanse
- kan uttrykke deg godt munnleg og skriftleg
- har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
- har gode samarbeidsevner både internt og mot eksterne aktørar
- er fleksibel, robust og har høg arbeidskapasitet
- har eit fagleg engasjement
- er trygg, raus og varm i fagutøvinga
- vil bidra til gode tverrfaglege løysingar
Vi tilbyr
- Kommunen kan legge til rette for vidareutdanning viss ynskeleg
- Løn etter tariff. Som eit rekrutteringstiltak tilbyr vi minimum 8 års ansiennitet
- Ellers gjeld arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande, engasjert og kompetent arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling med støtte frå erfarne fagpersonar
- Vestre Slidre og Vang ligg i sentralitetsklasse 5 og 6, og ved å bu i ein av desse kommunane kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.
Kontaktinformasjon
Anne Grete Fjelltun, Barnevernleiar, 94794543, anne.grete.fjelltun@vestre-slidre.kommune.noMelanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, melanie.degen@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5013841166
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Melanie Degen
Tenesteleiar Familie, helse og førebygging
94978343
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
929521cb-be58-46dc-b5c3-5d4637391b6c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9a9197f8dfb1477abffaeeb2f5632deb