Miljøkoordinator - 60 % vikariat
OPK-FI - Firda vgs, Vestland fylkeskommune
6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøkoordinator - 60 % vikariat
Oppstart
6. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har om lag 370 elevar skuleåret 25/26 og om lag 70 tilsette. Om lag 270 elevar er fordelt på utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett, musikk, dans og drama. Rundt 50% av elevane bur på hybel. Dei siste åra har skulen hatt ei sentral rolle i å utvikle gode opplæringstilbod for vaksne både gjennom Gloppenmodellen og i samarbeid med Nettskulen i Vestland fylkeskommune. Skuleåret 26/26 har vi om lag 100 elevar innanfor vaksenopplæringa.
Miljøkoordinator er tilsett i samband med Open skule som er eit tilbod for elevane når undervisninga er over, tre ettermiddagar i veka. Her kan elevane kome for å vere. Open skule har ulike aktivitetstilbod. Aktivitetane kjem til i eit samspel mellom vaksne og elevar. Open skule har bordtennis, biljard, playstation og mange brettspel. Idrettshallen vert òg nytta til ulike aktivitetar som klatring og volleyball. I tillegg er det matservering på Open skule. Ein dag middag, ein dag kvelds og ein tredje dag med litt forskjellig på menyen.
Frå snarast og til 19.06.2026 har vi ledig 60 % vikariat som miljøkoordinator.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter ein person som kan vere med å drive open skule tilbodet ved Firda vgs, og som kan vere eit bindeledd mellom skulekvardag og ettermiddagstid for elevane. Den som vert tilsett må rekne med arbeidstid lagt til kveldstid.
Det er ynskjeleg at personen som vert tilsett har bakgrunn frå arbeid med ungdom.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar med høgare utdanning eller erfaring i arbeid med ungdom.Personlege eigenskapar
- Du har eit sterkt engasjement der elevane er i sentrum
- Du er ein trygg, tydeleg og varm vaksen
- Du er opptatt av eleven sitt beste
- Du har kompetanse i å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer
- Du er positiv, fleksibel, interessert og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
- Du reflekterer over praksisen din, vala du tek, og kan diskutere dei med andre
- Du bidreg til å skape eit godt skule- og arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Pensjons- og forsikringsordningar
- Godt fag- og arbeidsmiljø
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Gje opp minst to referansar.Ta med attestar til eit eventuelt intervju.
Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.
Søknadsfrist 05.10.2025. Oppstart: snarast.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Oddvar Aalde tlf 481 06 825 eller rektor Tove Hanne Ommedal tlf 930 93 933
Kontaktinformasjon
Tove Hanne Ommedal, rektor, 93093933Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5019976538
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 06.10.2025
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Tove Hanne Ommedal
rektor
93093933
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
925634c4-62f5-4ce2-aa29-af6167149ac9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ca45155c32844f97b75eea7a592733ea