Hopp til innhold

Ringevikar - lærar og assistent/SFO ved Tresfjord EnSpire skule

Arbeidsgiver

Tresfjord Enspire Skule

Sted

Neremsvegen 43, 6391 Tresfjord

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Lærervikar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 2% - 99%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Send søknad til

post@tresfjordenspire.no

Vårt behov

Tresfjord EnSpire skule ønsker å knyte til seg ein eller fleire ringevikarar som kan stille opp ved behov gjennom skuleåret.

Behovet vil variere, og stillinga har derfor ikkje ein fast stillingsprosent. I enkelte periodar kan det vere behov for fleire vakter, medan det i andre periodar kan vere lite eller ingen arbeid. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til fråvær blant dei tilsette våre.

Vi ser etter deg som kan vere aktuell som vikar både i skuletida og på SFO. Arbeidsoppgåvene kan derfor variere mellom undervisning, arbeid som assistent og oppgåver knytt til SFO.

Det er ein fordel om du har moglegheit til å stille på relativt kort varsel.

Om stillinga

Arbeidsoppgåver

Som ringevikar hos oss kan arbeidsoppgåvene mellom anna vere å:

  • gjennomføre undervisning etter planar frå lærar.

  • følge opp og støtte elevar i undervisninga.

  • bidra som assistent i klasse og mindre grupper.

  • bidra til eit trygt, inkluderande og godt skulemiljø.

  • delta i aktivitetar og praktiske oppgåver i skulekvardagen.

  • arbeide på SFO før og/eller etter skuletid.

  • samarbeide med lærarar, assistentar og andre tilsette.

Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå skulen sitt behov og kompetansen til den som blir kalla inn.

Vi tilbyr

Som ringevikar hos oss vil du:

  • bli ein del av eit engasjert og positivt personale.

  • få støtte og rettleiing frå leiing og andre tilsette.

  • få variert arbeid med barn frå 1.-7. trinn.

  • jobbe på ein liten skule der relasjonar, læring og trivsel står sentralt.

  • få lønns- og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtalar og regelverk.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er trygg og omsorgsfull i møte med barn.

  • er fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig.

  • har eit positivt elevsyn og møter elevane med respekt og forståing.

  • er ansvarsbevisst og påliteleg.

  • kan ta initiativ og raskt sette deg inn i ulike arbeidsoppgåver.

  • har gode norskkunnskapar.

  • bidrar positivt til arbeidsmiljøet.

Kvalifikasjonar

Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med barn og unge, skule, barnehage eller SFO, men dette er ikkje eit krav.

For arbeid som lærar er godkjent lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning ein fordel. Søkjarar utan lærarutdanning kan også vere aktuelle for andre vikaroppgåver ved skulen og på SFO.

Politiattest må leggast fram før oppstart.

Skriv gjerne litt om bakgrunnen din, kva type arbeid du er interessert i, og kor fleksibel du er når det gjeld tidspunkt og dagar.

Det er ikkje offentlege søkjarlister hos oss.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontakt

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med dagleg leiar/rektor Martin Melbø på post@tresfjordenspire.no eller telefon 991 08 442 (mobil).

Postadresse: Postboks 1, 6391 Tresfjord

Besøksadresse: Neremsvegen 43, 6391 Tresfjord

Kontaktperson for stillingen

Martin

Rektor / dagleg leiar

99108442

post@tresfjordenspire.no

Om bedriften

Om Tresfjord EnSpire skule

Tresfjord EnSpire skule er ein privat barneskule med EnSpire-profil, lokalisert i Tresfjord i Vestnes kommune. Skulen ligg tett på både fjord og fjell, og naturen er ein naturleg del av kvardagen og læringsarenaene våre.

Entreprenørskap er ein viktig del av skulen sin profil. Vi arbeider målretta med å utvikle elevane si evne til å sjå moglegheiter, ta initiativ, vere kreative og omsetje idear til handling.

Skulen har i dag 59 elevar frå 1.--7. trinn og om lag 13 tilsette fordelt på skule og SFO.

Hos oss møter du eit engasjert personale og ein skule i kontinuerleg utvikling, der relasjonar, læring og trivsel står i sentrum.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

91f99891-0e74-4bca-ac67-7ee1d19a15ed

Sist endret

22. september 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

91f99891-0e74-4bca-ac67-7ee1d19a15ed

Lignende annonser

Laster lignende annonser