Rektor
Klepp kommune, Skulesjef
Lunden 3, 4351 Kleppe
Om jobben
- Stillingstittel
- Rektor Kleppelunden skule
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. september
Vil du vera med og skapa framtidas skule?
Kleppelunden skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektor som ønskjer å leia skulen vidare inn i framtida. Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vera med og vidareutvikla ein moderne skule med høge ambisjonar på vegne av elevane.
Kleppelunden skule er ein barneskule i Klepp kommune med om lag 300 elevar og 50 tilsette i skule og SFO. Skulen ligg sentralt til i Klepp, med flotte Kleppeloen som næraste nabo. Det er eit supert turområde som alle trinn nyttar til uteskule. Me flytta inn i heilt nye og moderne lokale i august 2024.
Leiinga ved skulen består av rektor og tre avdelingsleiarar. SFO-leiar og saksbehandlar er òg ein del av skulen si administrative leiing. Skulen har eit innbydande bibliotek, aula og gode inne- og uteområde som legg til rette for læring, trivsel og fellesskap.
Ved Kleppelunden skule arbeider me målretta med å skapa eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø. I profesjonsfellesskapet står elevengasjement sentralt, og me arbeider mellom anna med tema som trygt skulemiljø, digital kompetanse, lesing og oracy. Gjennom tett samarbeid mellom tilsette og leiing utviklar me ei inkluderande undervisning bygd på eit positivt elevsyn og den engasjerte eleven som pedagogisk plattform.
Me legg vekt på variert, praktisk og utforskande undervisning. Skulen har moderne og godt utstyrte læringsareal som gir gode moglegheiter for kreativitet og skaparglede. Mellom anna har me ein eigen skaparverkstad og deltek i First Lego League.
Kleppelunden skule er praksisskule for lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger og spelar ei viktig rolle i utviklinga av framtidas lærarar.
Klepp kommune og Kleppelunden skule er ein del av Jærskulen, eit forpliktande samarbeid om skuleutvikling på tvers av kommunane på Jæren. Som rektor blir du del av eit sterkt fagleg nettverk med høg kompetanse, der samarbeid, utvikling og læring står i sentrum.
Arbeidsoppgåver
- Leia og motivera tilsette i profesjonelle lærande fellesskap
- Målretta samarbeid for god trivsel og auka læringsutbytte til elevane
- Leia skuleutvikling
- Skapa godt samspel med elevar, tilsette, foreldre, tillitsvalt, verneombod og nærmiljø
- Du har evne og interesse for å vera med å skapa eit positivt lærings- og arbeidsmiljø· og eit godt skule/heimsamarbeid
- Driva økonomistyring og resultatkontroll
Kvalifikasjonar
- Du har relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaring
- Du har erfaring frå offentleg grunnskule
- Du har erfaring og kunnskap frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling
- Du har gjennomført rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning, eller er villig til å starta vidareutdanning innan leiing innan 2 år etter tilsetting
- Kunnskap og erfaring innan digital praksis
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjø oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- Du involverer gjennom profesjonelle lærande fellesskap og har gjennomføringsevne
- Du har god kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- Du leiar med ro og tryggheit
- Du er tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd
- Du er god til å kommunisera, leggja til rette for samarbeid og skape gode relasjonar på alle nivå.
- Du er inkluderande og har blikk for alle.
- Du er opptatt av dialog og har ein verdsettande måte å leia tilsette på
- Du er fleksibel, lojal og har godt humør
- Du jobbar sjølvstendig, målretta og strukturert
Vi tilbyr
- Spanande og utfordrande jobb
- Lønn etter avtale
- Opplæring for nye leiarar
- Tett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og Jærskulen
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- TIlsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Tilsetjingspunkt etter avtale
Kontaktinformasjon
Siri Svanøe Endresen, Skulesjef, +47 41437427, siri.endresen@klepp.kommune.noArbeidsstad
Lunden 34351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5160464661
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
91d2a0bb-34a3-44ea-a933-ba912a0bba7d
- Sist endret
13. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
650c2f11c70e4db08827921aa4f86fe1