Aktiv 18-åring i Sande søker BPA-assistent til laget sitt
Prima Assistanse avdeling Møre og Romsdal
6083 Gjerdsvika
Om jobben
- Stillingstittel
- BPA assistent
- Type ansettelse
- Annet
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Eg er ein aktiv og sosial 18-åring som likar gaming, manga og å vere i aktivitet. No ser eg etter ein tilkallingsassistent som vil vere med meg i kvardagen og på fritida.
Eg likar å ha ein variert kvardag, og aktivitetane kan vere mange. Vi kan til dømes dra i gymsalen, på fjelltur, på treningssenteret eller ein tur til sjøen. Innimellom reiser eg også rundt i Noreg – og kanskje litt lengre – så det er ein fordel om du likar variasjon og synest det er kjekt å vere med på ulike opplevingar.
Eg går sjølv og brukar armane mine, så di viktigaste oppgåve blir å vere ein god støttespelar og hjelpe til slik at aktivitetane mine kan gjennomførast på ein trygg og god måte.
Eg tilbyr:- God opplæring frå arbeidsleiar (mor) og kurs gjennom Prima Assistanse.
- Eit trygt og stabilt arbeidsmiljø.
- Moglegheit til å vere med på reiser og opplevingar.
- Gode lønns- og arbeidsvilkår etter avtale
- Eit inkluderende og hyggelig arbeidsmiljø
- Er trygg, stabil og til stades.
- Har energi, godt humør og gjerne litt humor.
- Er sosial og likar å vere saman med andre.
- Er god på kommunikasjon og flink til å vere i forkant.
- Er i god fysisk form og likar å vere i aktivitet.
- Har førarkort klasse B.
- Snakkar flytande norsk.
Alle tilsette må levere politiattest utan merknader.
Høyrest dette ut som noko for deg?Då håpar eg du sender inn ein søknad med CV og referansar. Vi intervjuar fortløpande, og oppstart blir etter avtale.
Eg gler meg til å høyre frå deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
91b0a79a-b31b-4c06-8869-a91bf0e22657
- Sist endret
19. november 2026
- Hentet fra
vilect
- Referanse
0575eb14-bdaa-42d2-a249-3b211ac5432d