100% vikariat som sjukepleiar / vernepleiar ved Tenester for funskjonshemma, Kinsarvik
Ullensvang kommune Broto
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. september
Om oss:
Stillinga er knytt til eit 2:1 tiltak organisert under Tenesta for funksjonshemma i Kinsarvik. Det er fokus på arbeidstrening, fysisk aktivitet og bygge gode relasjonar til brukar. Det er eit stabilt team rundt tenestemottakar og gode kollegaer. Det er behov for gode rutinar rundt bruker og målsettinga er å legge til rette for for at tenestemottakaren skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader.
Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og
motivasjon står sterkt. Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet og legg til rette for
brukarmedverknad i trygge omgjevnader. Me søkjer etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe med faglege utfordringar
Vikariatet er ledig frå dags dato. Varigheit 6 måneder med moglegheit for forlenging.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid.
- Legemiddelhandtering.
- Veiledningsansvar.
- Samarbeid med pårørande.
- Utarbeide og følge opp interne rutiner i samarbeid med fagansvarleg.
- Være aktiv ifht. å styrke fagmiljøet i tenesta.
- Turnusen inneber langvakter med arbeid kvar 4. helg
Kvalifikasjoner:
- Me søkjer primært etter vernepleiar, men andre med relevant høgskule/universitets-utdanning vil og verte vurderte. Me ynskjer deg som har eit stort hjarta for denne brukargruppa, og som brenn for å gjera ein engasjert jobb for brukarane.
- Du er løysningsorientert, har gode samarbeidsevner og er fleksibel til endringar.
- Du har ei positiv tilnærming, og er ein engasjert bidragsytar til arbeidsmiljøet.
- Du har erfaring frå målretta miljøarbeid og liker å vere i fysisk aktivitet.
- Gode digitale ferdigheiter
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg og har gode kommunikasjons-eigenskapar
- Du må vere personleg skikka
- Ein spennande og lærerik jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Opplæring og rettleiing
- Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Krav:
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9151ecf8-f67b-4f39-ac9b-78743a3fd075
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3541731_250473_nn