Helsesekretær og sekretær - faste stillingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige faste stillingar for Helsesekretærar og sekretærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:
- Revmatologisk avdeling/Revma kontorseksjon
- Kreftklinikken, Seksjon kontor
- Avdeling for rusmedisin, LAR Laksevåg
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Revmatologisk avdeling/Revma kontorseksjon
Revmatologisk avdeling har ansvar for og oppfølging av pasientar med revmatiske lidingar i helseregionen. Opplæring og hjelp til meistring står sentralt i arbeidet. Vi jobbar tverrfagleg saman med fleire yrkesgrupper. Avdelinga har poliklinikk, dageining, sengepost, rehabiliteringseining, infusjonspost og osteoporosesenter, samt avdeling for fysioterapi, ergoterapi og øvingsbasseng.
Kontakt: Else Karin Synnevåg, Tlf. 91643038.
Kreftklinikken, Seksjon kontor
Vi søkjer ein helsesekretær som tek ansvar i kvardagen og trivst med både pasientkontakt og samarbeid med kollegaer. Du møter menneske i krevjande situasjonar med tryggleik og respekt, jobbar strukturert og kommuniserer tydeleg. Arbeidsoppgåvene inkluderer timekoordinering, pasientadministrasjon, telefonbetening og resepsjonsarbeid, med moglegheit for blodprøvetaking på sikt. Vi ser etter deg som bidreg til ein ryddig og effektiv arbeidsdag, er fleksible og tek ting på strak arm og spreier godt humør i det dyktige og trivelege teamet vårt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Arbeidstid: 08:00-15:30 med enkelte seinvakter 10:30-18:00.
Kontakt: May Frida Bosch, Tlf. 95916782.
Avdeling for rusmedisin, LAR Laksevåg
Avdeling for rusmedisin (AFR) består av fleire seksjonar, herunder ein eigen seksjon for LAR, to ruspoliklinikkar, ein forskingsseksjon, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, mellom anna knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med divisjon psykisk helsevern.
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ansvaret for behandlinga av Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) til pasientane i Helse Bergen sitt opptaksområde. Pasientane i LAR har i tillegg til avhengigheit til rusmidlar oftast somatisk sjukdom og sjukdom innan psykisk helse. Trongen for behandling er stor og dei treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete. Seksjonen er organisert i 6 geografiske team med poliklinikkar i kvar bydel, i tillegg har vi prosjekt HAB (Heroinassistert behandling). Kvart team er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar.
Helsesekretær/sekretær er ei viktig støtte for det enkelte teamet. Helsesekretær/sekretær inngår og i eit samarbeid med oppgåvedeling med dei andre sekretærane i LAR. LAR har ansvar for både substitusjonsbehandlinga og den øvrige tverrfaglege spesialiserte behandlinga og rehabilitering av pasientane. LAR Laksevåg held til i lokalar i Damsgårdveien 227 og dekker bydelen Laksevåg/Fyllingsdalen.
Polikinikken LAR Laksevåg har ledig 100% fast stilling som helsesekretær med snarleg tiltredelse.
Arbeidstid: Mandag til fredag 08:00-15:30.
Kontakt: Ingvild Solli Hegland, Tlf: 98842474.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling
- Pasientadministrative oppgaver
- Telefon/resepsjonsteneste
- Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
- Økonomisk oppgjer
- Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
- Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
- Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
- Du må ha gode IKT-kunnskapar
- Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
- Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktigheit
- Serviceinnstilling
- Fleksibel og evne til å ta utfordringar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Sigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar, +47 90740524Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5015457224
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Sigrun Hoem Evensen
Seksjonsleiar
+47 90740524
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
913a55af-d17e-44a2-a459-2dff9c74950c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7ee946321a5140b6b81cd7d3d9ba9643