Sommarvikariat - cand.med./ medisinstudent med lisens
Medisinsk seksjon Lærdal sjukehus, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Om jobben
Stillingstittel
Cand med./lege med lisens
Oppstart
22. juni 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Vi søkjer deg som tar ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Vi kan tilby deg medisinsfaglege utfordringar, og eit godt arbeidsmiljø.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.
Du vil få oppgåver knytt til sengepost, poliklinikk, visittgang og vaktarbeid. På alle vakter har du erfaren overlege på bakvakt.
Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innst i Sognefjorden og har gode transportforbindelsar til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengepost
- Stillinga inngår i tredelt plan med arbeid på dag/kveld/natt og helg for cand.med.
- Studentar med lisens går i lag med LIS1
Kvalifikasjonar
- Utdanna lege, klar for LIS1-teneste (cand. med.)
- Legestudentar med lisens kan også søkje - går ikkje vakter.
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Gode IKT kunnskapar
- Kjennskap til DIPS Arena/Meona/Orbit er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
- Tåle tidvis høgt tempo
- Ha pasienten i fokus
Vi tilbyr
- Utviklande arbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte medisinskfaglege problemstillingar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
- Personalhytte på Filefjell
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon LSH, (+47) 415 30 456Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 LÆRDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5029748467
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir
Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon LSH
(+47) 415 30 456
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
910ebd97-06db-44c2-876c-222e0406ed8d
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a982a2dea42148898ec0a29d09e51845
Lignende annonser
Ferievikar reinhald - Lærdal sjukehus
Arbeidsgiver
Husøkonomi Lærdal, Helse Førde
Sted
Lærdal
100% fast stilling som helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Lærdal kommune Pleie og omsorg
Sted
Lærdal
Ferievikar reinhald - Indre Sogn psykiatri
Arbeidsgiver
Husøkonomi Lærdal, Helse Førde
Sted
Sogndal