ID 911 Sjukepleiar og Helsefagarbeidar 80-100% fast stilling innan institusjon og heimebaserte tenester
Fitjar Bu- Og Behandlingssenter og heimebaserte tenester
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Ved Fitjar bu- og behandlingssenter og heimebaserte tenester har me ledige 80-100% faste stillingar for sjukepleiarar og helsefagarbeidar. Stillingane inneber turnusarbeid dag/kveld og kvar 3. helg.
Fitjar bu og behandlingssenter har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Heimebaserte tenester har innetenster for dei som bur i Havnahuset og utetenester for dei andre bebuarane i bygda som får innvilga tenester.
Kvalifikasjonskrav:-
Autorisert sjukepleiar
-
Førarkort kl.B
-
Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
-
Gode norsk kunnskaper
-
Godkjend politiattest
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
-
Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
-
Løn etter tariffavtale for kommunal sektor
-
God forsikrings- og pensjonsordning.
-
Opplæring og rettleiing.
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte einingsleiar:
Olav Sande tlf: 936 09 390.
Kontaktperson for stillingen
Olav Sande
Einingsleiar
93609390
Om bedriften
Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790564
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9030dce1-9040-4b3b-84ed-48e9338930c5