Miljøterapeut vikariat
Bufetat
Skjoldvegen 51/55, 5221 Nesttun
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut Vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 3. desember
Om stillinga og arbeidsstaden
Avdeling skjold er ein del av Fana og Ytrebygda ungdomssenter, som består av fire avdelingar: Eikelund, Skjold, Hop og Sandsli.
Bufetat gjennomfører no ein pilot der fleire institusjonsavdelingar blir samla i éi felles eining. Målet er å gi barn og unge eit tryggare og meir samanhengande tilbod, utan unødige brot i institusjonsløpet. Modellen skal sørgje for at ungdom får rett helsehjelp og god oppfølging frå første dag. I piloten skal Fana og Ytrebygda ungdomssenter ta imot ungdom i ulike målgrupper.
Skjold er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1
Fana og Ytrebygda ungdomssenter, avd. Skjold, har to vikariat som miljøterapeut i 100% stilling. Vikariatene har ein varighet på ca 1 år med moglegheit for forlenging. Stillinga inneber for tida to-delt turnus med dag og kveldsvaktar og arbeid kvar 4. helg med vaktar inntil 13 timar.
Det kan og bli ledig vikariat ved avdelinga.Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Målet vårt er å saman med dei andre tilsette, bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv.
Korleis oppnå dette målet:
- Utføre godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp.
- Bidra opp mot det faglige utviklingsarbeidet på avdelinga, spesielt knytt til psykisk og somatisk helse.
- Sikre tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernsteneste, føresette, sosialt nettverk, skule, helse og arbeid.
- Bidra til å vareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
- Arbeid med krise- og stresshandtering og stabilisering av barn i krise.
- Arbeid førebyggjande og handtere åtferd/hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølv eller andre.
- Kartleggje styrkane til ungdommen's behov, samt utarbeide og følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.
Kva bakgrunn har du?
Må-krav:
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, som til dømes sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, kan og vurderast.
- Ved eventuelle vikariat i deltidsstillingar, kan kandidatar utan 3-årig bachelorgrad med relevant erfaring og vurderast.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
Bør-krav:
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/ eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Relevant vidareutdanning innan til dømes barnevern eller psykisk helse.
- Kunnskap om traumebevisst omsorg og OEM.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
Du evner å;
- bygge relasjonar
- la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre.
- arbeide sjølvstendig, metodisk og i team.
- analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ønsker å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du er punktleg.
- Du har god fysisk og psykisk helse.
Personlege eigenskapar vert særlig vektlagt ved tilsetjing.
Avdeling Skjold etterstreber å ha lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er viktig.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 –640 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000–690 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 580 000–690 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000–530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440400– 540000pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460000– 560000.
I tillegg kan vi tilby:
Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen. Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod - noko vi meiner har stor verdi i seg sjølv.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Fana og Ytrebygda ungdomssenter avdeling Skjold.
- Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8ff4282d-5bad-41a8-96c2-dbc180a8bf2e
- Sist endret
16. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10316144