Utdanningskoordinator for maritim kompetanseberedskap
NTNU Ålesund, Fagskolen Møre og Romsdal, Ålesund videregående skole og Borgund vidaregåande skole
Fogd Greves veg 9, 6009 Ålesund, Gangstøvikvegen 27, 6009 Ålesund, Larsgårdsvegen 2, 6009 Ålesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Utdanningskoordinator maritim kompetanseberedskap
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 6. august
Maritim kompetanseberedskap er ein samarbeidsarena mellom utdanning, forsking, forsvar og sivilt næringsliv for å bidra til å skaffe dei maritime ressursane Noreg treng.
Vi leverer norske fagfolk i alle steg av planlegging, bygging og ombygging, vedlikehald og drift av nye og eksisterande fartøy. All utdanning av fagfolk skjer i tett samarbeid med eit verdsleiande næringsliv.
Utdanningsmiljøa ved Campus Ålesund og i regionen leverer maritim kompetanse på alle nivå frå vidaregåande skole, høgare yrkesfagleg utdanning og universitetsnivå.
Utdanningskoordinator for maritim kompetanseberedskap jobbar i team med forsvarskoordinator og prosjektleiar. Kontorarbeidsplass vil fortrinnsvis vere på Campus Ålesund. Noko reise må påreknast.
Tilsetjinga vil gjelde for eit kalenderår i første omgang, frå 01.10.25 til 30.09.26. Stillinga blir forlenga under føresetnad av forventa finansiering i inntil totalt 3 år.
Arbeidsoppgåver
Utdanningskoordinator skal:
- Koordinere og profilere maritime aktørar sine kompetansar inn mot behov i Forsvaret og sivilt.
- Vere pådrivar i utforminga av nye utdanningstilbod retta mot behov i Forsvaret og sivilt.
- Realisere målsetjingane i prosjektet med omsyn på større omsetning og tettare samarbeid med næringslivet og Forsvaret.
- Fasilitere og organisere arrangement og besøk.
Kvalifikasjonar
- Du er nettverksbyggar
- Har maritim kompetanse
- Har skole-/utdanningsfagleg kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er god til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- God til å samarbeide og jobbe i team
- Er strukturert og sjølvgåande
- Får energi av å møte folk
- Er fleksibel til arbeidsstad og arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Spennande arbeidsoppgåver
- Innovativt arbeidsfellesskap i team på Campus
Kontaktinformasjon
Ole Reinlund, Rektor, +47 90909603Helene Hanken, Rektor, 95750139
Arbeidsstad
Larsgårdsvegen 26009 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4991452296
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 06.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Helene Hanken
Rektor
95750139
Ole Reinlund
Rektor
+47 90909603
Om bedriften
Om maritim kompetanseberedskap:
Prosjektet kartlegg framtidige kompetansebehov i maritim beredskap og styrkar evna til å levere heile verdikjeda. Vi har fokus på å utvikle og posisjonere den samla maritime kompetansen i regionen i tråd med Forsvarsløftet. Målet er å vidareføre og utvide kompetansemiljøa slik at verdikjeda kan levere til forsvar og sivilberedskap nasjonalt og internasjonalt. Dette krev utdanning og vidareutdanning på alle nivå.
Utdanningsaktørane i samarbeidet er NTNU Ålesund, Fagskolen Møre og Romsdal, Ålesund VGS og Borgund VGS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8f35c53e-0977-41d3-8d87-7596cef26beb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
324fd75b4db74d629e16c30101afafe0