Hopp til innhold

Miljøarbeidar - vikariat ved Voss vidaregåande skule

Arbeidsgiver

OPK-VV - Voss vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Strandavegen 251, 5710 Skulestadmo

Om jobben

Oppstart
14. september 2026
Stillingstittel
Miljøarbeidar - vikariat ved Voss vidaregåande skule
Type ansettelse
Vikariat, deltid 89%
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 400 elevar og om lag 120 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt undervisning. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda dei tilbyr. Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.

Vi søkjer engasjerte og tydelege miljøarbeidarar til inntil to vikariat, for tilsetjing snarast. Vikariata går fram til jul, og dei kan bli forlenga. Vil du bidra til at elevar med behov for tilrettelagt oppfølging skal lykkast i skulekvardagen? Då kan dette vere stillinga for deg!

Stillinga er for tida knytt til avdeling for tilrettelagt opplæring, HTA og HTH. 


Arbeidsoppgåver

Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:

  • deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga
  • er med i undervisning i grupper/klassar med spesielt ansvar for å følgje opp enkeltelevar
  • hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen, 
  • samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom
  • andre oppgåver knytt til skulen sine aktivitetar (til dømes tur- og friluftsliv)

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som har fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar. Relevante fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn, kan vere ønskeleg. 

Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. 

Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule. 

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på fagleg og personleg eignaheit som er relevant for denne typen arbeid.
Vi ønskjer at du: 

  • har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringar
  • samarbeider godt i team med føresette og kollegaer
  • er trygg, roleg og inkluderande i møte med ungdom
  • er kreativ, fleksibel og omstillingsdyktig
  • deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
  • meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver



Vi tilbyr

  • eit nytt og moderne skulebygg
  • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø der eleven står i fokus
  • eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår






Kontaktinformasjon

Magnhild Hakestad, Rektor, 97737676, magnhild.hakestad@vlfk.no
Katrine Tvilde, avdelingsleiar, 92414252, katrine.tvilde@vlfk.no

Arbeidsstad

Strandavegen 251
5710 Skulestadmo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5174030916
Stillingsprosent: 89%
Vikar
Startdato: 14.09.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 13.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Katrine Tvilde

avdelingsleiar

92414252

katrine.tvilde@vlfk.no

Magnhild Hakestad

Rektor

97737676

magnhild.hakestad@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8f2f684c-92cb-4a19-bb4d-92e041f52726

Sist endret

1. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

394b2eb2a6634d50912af80231d90edd

Lignende annonser

Laster lignende annonser