Alsaker Fjordbruk søkjer IT-konsulent
Alsaker Fjordbruk
Flakkavågsvegen 14, 5694 Onarheim
Om jobben
- Stillingstittel
- IT-konsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. januar
Vil du vere med og utvikle og drifte IT-løysingar internt i konsernet? Hos oss er målet å ha kompetansen i eigen organisasjon -- me driftar både lokale servere og moderne skytjenester, som Microsoft 365 og Azure. Me ser etter deg som likar å finne løysingar, hjelpe folk og sikre stabil drift. Du får påverke korleis me vidareutviklar vår IT-plattform, og bidra til at konsernet jobbar effektivt og sikkert -- kvar dag.
Som IT-konsulent i Alsaker og Meidell konsern vil du ha ansvar for IT-drift på tvers av fleire selskap, med lokasjonar langs kysten frå Rogaland til Hordaland.
Noko reising mellom lokasjonane må påreknast, men kontorstaden din er Onarheim. Du blir ein viktig person i eit konsern med breidt IT-behov, der du sikrar stabil drift og bidreg til utvikling. Du blir del av eit kompetent IT-team som samarbeidar tett med resten av organisasjonen.
Ansvar og arbeidsoppgåver
Som IT-konsulent hos oss vil du jobbe med et breidt spekter av arbeidsoppgåver, blant anna drift og utvikling av vår hybride plattform. Det innebærer å jobbe med alt frå lokalt datasenter og server til MS 365, Azure og sikkerheitsløysingar
Relevante arbeidsoppgaver vil være
-
Følgje opp tryggleik -- overvaking, patching, hendingshandtering og forbetring
-
Delta i moderniserings- og effektiviseringsprosjekt
-
Bidra til utvikling av rutinar og dokumentasjon
-
Evaluere og ta i bruk ny teknologi i samråd med resten av IT-teamet
-
Gje brukarstøtte og rettleiing til tilsette
Din profil
Me ser for oss at vår nye IT-konsulent har erfaring med IT-drift, support eller konsulentverksemd. Vidare er det ein fordel at du har kjennskap til MS 365 og Azure, samt serverdrift.
Me ser etter deg med
-
forståing for IT-tryggleik og interesse for å halde system sikre
-
gode kommunikasjonsevner, både med IT-fagfolk og kollegaer utan teknisk bakgrunn
-
høg grad av lærevillighet, samt at du er løysingsorientert og tek initiativ
-
Sertifisering innan Microsoft 365 er ein fordel, men ikkje eit krav
Kvifor Alsaker Fjordbruk?
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit konsern i vekst
-
Gode utviklingsmoglegheiter og høve til å påverke IT-strategien
-
Høve til å bygge brei kompetanse og påverke løysingar -- me satsar på intern kunnskap
-
Eit triveleg, fagleg dyktig og hektisk miljø
-
Konkurransedyktige vilkår
Arbeidsstad: Onarheim
**Søknadsfrist:**6. januar -- søknadar vurderast fortløpande.
Ønsker du mer informasjon om stillingen?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY ved rådgjeverne
-
Espen Gismervik, tlf. 912 49 465
-
Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056
Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt -- og overfor oss i Alsaker Fjordbruk i den innleiande fasen dersom det er ønskeleg.
Tiltreding etter avtale.
Om bedriften
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8e58ae13-784a-4dc8-abf6-224b2c28ab2b
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
441124987
Lignende annonser
IT-konsulent
Arbeidsgiver
HAMNØY AS
Sted
Onarheim
Teknisk Koordinator
Arbeidsgiver
Alsaker Fjordbruk AS
Sted
Onarheim
Driftstekniker
Arbeidsgiver
HULT IT AS
Sted
Nesttun