Lagermedarbeidar
Ulstein Verft AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lagermedarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 30. september
Ulstein Verft ser etter deg som har interesse for skipsindustrien og ønsker å vere med på å drifte og utvikle lageret samt skape resultat saman med oss. Ulstein har dyktige medarbeidarar med høg kompetanse. Som lagermedarbeidar vert du ein del av eit kjekt team, der avdelinga har som mål å gi best mogleg service til både produksjonsområdet og reiarlag.
Kandidatar vil bli vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Lasting og lossing av varer
- Varemottak og registering i ERP/IT system
- Plassering og utlevering av varer
- Pakking og forsending av varer
- Arbeid på rekvisita-, verktøy- og prosjektlager
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå lager/logistikk
- Gode IT kunnskapar
- Språkkunnskapar i norsk og engelsk
- Erfaring frå maritim industri er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og fagleg interessert
- Initiativrik og serviceinnstilt
- Nøyaktig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God HMS haldning og positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt fagleg miljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitidsordning
Kontaktinformasjon
Daniel Moltumyr, Department Manager Warehouse, +47 90785564, daniel.moltumyr@ulstein.comAnne Roppen, HR Advisor, anne.roppen@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 5008307096
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8d19d0a9-8a56-4d76-8f92-63d886f42634
- Hentet fra
talentech
- Referanse
db221c304fc34e2fabbba4712870dc62