Forskar
Norsk Polarinstitutt
Framsenteret, 9296 Tromsø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Forskar, forureining i polare økosystem med fokus på sjøfugl
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Har du lyst å forske på forureining?
Då kan det henda vi har jobben for deg! Vi har ledig fast stilling som forskar innan miljøgifter i polare økosystem, med fokus på sjøfugl.
Du vil ha fast kontorstad i Tromsø, men må rekne med noko reising til møter/workshops og deltaking på felt-/toktarbeid.
Stillinga er plassert i vår forskingsavdeling, seksjon for forureining og marine pattedyr. Seksjonen forskar på korleis miljøgifter og plast inngår i arktiske næringskjeder, kjelder til desse, akkumulasjon og langtidstrendar. Vi studerer effektar av forureining saman med andre menneskelege påverknader i artar høgt opp i næringskjeda, og kartlegg korleis klimaendringar påverkar nivå av miljøgifter i dyr. Seksjonen sitt arbeid har òg fokus på økologien til marine pattedyr rundt Svalbard, i Barentshavet, Polhavet og i Sørishavet. Særleg forskar ein på koplingar til dei fysiske omgjevnadane i deira habitat, samspel med resten av økosystemet og korleis klimaendringar påverkar artane.
Arbeidsoppgåver
Som forskar hos oss vil du:
- bidra til at seksjonen leverer forsking på høgt internasjonalt nivå
- bidra til instituttets rådgiving i forbindelse med miljøforvalting i norske polare områder
- søke midlar til, koordinere og leie prosjekt
- gjennomføre innsamling av data til overvaking samt utføre eige forsking inkludert feltarbeid i de områda og problemstillingar instituttet har fokus på, med særleg søkelys på miljøgifter i sjøfugl.
- publisere i internasjonale vitskapelege tidsskrift, men også bidra til populærvitskapeleg formidling og anna verksemd ut av instituttet
- ha ansvar for å sikre god oppfølging av budsjett, rekneskap, innsamla data og personell i prosjekta, som studentar, postdoktorar og samarbeidspartnarar
- delta aktivt i utviklinga av pålitelege råd til forvaltninga. NP er ein forskings- og rådgivingsinstitusjon, og alle vitskapelege tilsette forventast å levere forvaltningsrelevant kunnskap til rådgivinga av våre oppdragsgivarar.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga krevst doktorgrad i økologi, marinbiologi, økotoksikologi, miljøkjemi eller anna nærliggande fagfelt. I tillegg krevst følgande kvalifikasjonar:
- bred kunnskap om miljøgifter i det marine økosystem
- erfaring på statistiske metodar for analyse av tidstrender og interaksjonar mellom miljøgifter og klima
- erfaring med handtering og analyse av store datasett
- erfaring på søknadsskriving, prosjektleiing, organisering og gjennomføring av felt- og/eller toktarbeid
Det teller positivt om du har røynsle med innsamling av data og prøver frå polare strøk. Du må ha ei god publikasjonsliste, ut frå karrierenivå.
Vi vil leggje vekt på dine personlege eigenskapar. Vi leitar etter deg som har god samarbeidsevne, som evner å leda andre, er resultatorientert og ansvarsbevisst.
Det krevjast gode skriftlege og munnlege engelskkunnskap. Arbeidsspråket vårt er norsk, så kunnskap i norsk vil vektleggjast. Om du ikkje beherskar norsk, forventast det at du gjennomfører norskkurs i løpet av dei to fyrste åra av tilsettinga di, da det å kunne kommunisere godt på norsk er ein viktig føresetnad både for deg og instituttet. Vi betaler for bestått kurs.
Arbeid i felt krev god fysisk form og helse, så bestått helsesjekk etter våre retningslinjer krevjast for gyldig arbeidsavtale.
Vi tilbyr
- Interessante arbeidsoppgåver i eit internasjonalt miljø.
- Lønn etter statens regulativ i kode 1109/1110/1183 forskar, avhengig av kvalifikasjonar.. Det blir trekt 2% til Statens pensjonskasse.
- Tokt- og feltgodtgjering i samsvar med sentrale og lokale avtalar.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som inkluderer mange gode som livsvarig alderspensjon, rett til økonomisk støtte om du blir sjuk eller ufør, økonomisk støtte til familien din om noko skjer med deg i vår teneste, forsikring mot yrkesskade/-sjukdom og gode vilkår på lån til hus.
Medlemskap i vår personalforeining, som blant anna har eigen hytteordning og som legger til rette for ulike sosiale hendingar.
For oss er det å inkludere og mangfald ei styrke, og vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi ønsker derfor alle kvalifiserte søkarar velkommen til å søka uavhengig av kjønn, alder, kulturell bakgrunn, eller hol i CV-en. Vi legg også til rette på arbeidsplassen om det er behov for det. Det er spesielle helsekrav til denne stillinga. Det gjer at moglegheitene våre for tilrettelegging av arbeidsplassen kan vera vanskeleg, men vi vurderer det alltid.
Søknaden
Søknad med relevante kvalifikasjonar og erfaring, CV, kopi av sertifikat, vitnemål og attestar, namn på minst tre referansar og vedlegg må registrerast i Jobbnorge.
For å sikra ein god rekrutteringsprosess samarbeider vi med Semac (www.semac.no) om elektronisk referansesjekk og bakgrunnssjekk. Det er med på å sikra at vi rekrutterer rett kompetanse og bidrar til ei rettvis evaluering av søkarane. Bakgrunnssjekken består ofte av verifisering av oppgitte opplysningar i søknad, CV, vitnemål, mv.
All informasjon blir behandla konfidensielt fram til søknadsfristen går ut. Instituttet utarbeider så ei offentleg søkarliste. Søkarar som ikkje ønskjer å stå på lista, må grunngje dette særskilt i søknaden. Etter offentleglova kan opplysningar om søkaren gjerast offentlege sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25, andre leddet.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Norsk Polarinstitutt er eit direktorat under Klima- og miljødepartementet og har ca. 160 tilsette i Tromsø, på Svalbard og i Antarktis. Polarinstituttet driv naturvitskapleg forsking, kartlegging og miljøovervaking i Arktis og Antarktis.Instituttet er fagleg og strategisk rådgivar for staten i polare spørsmål, representerer Noreg i fleire samanhengar og er den norske miljøstyresmakta i Antarktis. Les meir på www.npolar.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8ce828b6-5773-491d-8c0c-c26976ded423
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10265288