Vil du bli vår kunstlærar resten av dette skuleåret?
Etne kommune Etne kulturskule
Strondavegen 30, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Kulturskulelærar i kunst, 25% vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 25%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Vår kunstlærar går ut i fødselspermisjon i november og me treng nokon til å fylla dei store metaforiske skoa hennar ut skuleåret!
Her er kva det inneber å vera kunstlærar i Etne kulturskule:
Etne kulturskule har no behov for ein kunstlærar. Me søker deg som er kompetent i ein eller forskjellige stilartar innan kunst og som kan hjelpa til å skapa fullverdige kunstprodukt av forskjellige slag i lag med elevane. Du skjønner at dei fleste kunstartar høyrer saman og at ein kan bidra til større framsyningar der kunst, musikk, teater og dans alle utfyller kvarandre. Du veit at kunst handler om meir enn å læra seg teknikker på eit lerret, men om å læra seg å setja pris på estetikk og det vakre, slik at ein sjølv kan produsere vakre ting - gjerne med enkle midler.
Dette faget er ei vidareføring av «Teikning og måling», som me har hatt i Etne i mange år. Når me utformer og utvikler dette nye kunstfaget så tenker me å gjera dette i samarbeid med deg. Kanskje er du sterk på tradisjonell kunstskaping med blyant eller pensel; eller kanskje har du vore borti digital kunst, animasjon, fotografi, design, rekvisittar eller liknande og vil implementere dette i undervisninga? Kanskje har du ei brei kunst - og kulturfaglig bakgrunn og har lært deg å tenka tverrfagleg og å dra linjer?
I Etne kulturskule har me som målsetting å oppnå ting i lag på tvers av disiplinane, og tverrfaglighet er viktig. Me ynskjer å lytte til kva du vil bidra med, for deretter å utforma eit fag som kan fanga opp enno fleire born med den kreative nerva.
Me ønsker deg som har lidenskap for faget, men som og er glad i born og unge og det å skapa ein god og inkluderande gruppekultur. Du skjønner at ein best oppnår dette med å samarbeide og skape gode relasjonar med borna, samtidig som ein set tydelege grenser og framstår som ein tydeleg vaksen som har evnen til å halda hovudet kaldt og hjarta varmt.
Dersom du syns dette høyres spennande ut så syns me du skal søkje på jobben hjå oss i Etne Kulturskule. Velkommen skal du
vera!
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av grupper i kunst.
- For tida er det 3 grupper, 2 i Etne og 1 i Skånevik.
Kvalifikasjonar
- Kunstfagleg bakgrunn og/eller utdanning.
- Realkompetanse kan kompensera for manglande utdanning.
Eigenskapar
- Glad i læra frå seg kunstgåva til andre
- Glad i relasjonsbyggjing
- Ein tydeleg rettleiar for borna
Me tilbyr
Annan informasjon
Du bør ha førarkort og disponera eigen bil.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8ccb5eba-be74-4fc0-9e19-02e613138614
- Sist endret
22. oktober 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3556291_236171_nn
Lignende annonser
Barnehagelærar, 100% fast
Arbeidsgiver
Etne kommune Enge barnehage
Sted
Etne
Barne- og ungdomsarbeidar / assistent
Arbeidsgiver
Etne kommune Enge barnehage
Sted
Etne
Superlærar søkast – tryllestav og humor er eit pluss!
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Vågen og Bjoa oppvektsenter
Sted
Ølensvåg