Ferie-/sommarvikarar helse og omsorg 2025
Helse og omsorg, Bygland Kommune
4745 Bygland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleiere, Helsefagarbeidere
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
12
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. mars
Bygland kommune har behov for ferievikarar til eining for helse og omsorg sommaren 2025. Kjerneperioden er 10.06.25 - 11.08.25, men det vil vere mogleg å starte tidlegare for nokon, samt arbeide lenger for andre. Stillingsstorleiken vil vere varierande ut frå våre behov, men for dei aller fleste vil den ligge mellom 20-80 %. Vi søkjer flinke og pliktoppfyllande sommarvikarar til Byglandsheimen (sjukeheim), open omsorg,(heimebaserte tenestar), psykiatri og habilitering, samt innan kjøkken og heimehjelp (praktisk bistand).
Alle over 17 år med interesse for fagfeltet kan søkje.
- Søkjarar til open omsorg (heimebaserte tenester) må ha førarkort klasse B.
- Søkjarar til heimehjelp må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Det er viktig at du i søknaden oppgjev kva for periode du kan arbeide. Dei som kan jobbe heile sommarperioden vil bli prioritert.
Sjuke-/vernepleiar-/legestudentar som er ferdige med studiane tidlegare enn kjerneperioden bes om å ta direkte kontakt med oss.
Me tilbyr- Løn etter gjeldande tariff
- Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø
- Meiningsfylte oppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgaver
- Turnusarbeid for stillinger i pleien.
- Vanleg arbeidstid for stillinger innan heimehjelp, kjøkken, reinhald, m.a.
Kvalifikasjoner
- Fagutdanna, eller søkjarar under helsefagutdanning blir prioritert
- Det vert kravd gode kommunikasjonsferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg
- Det er ønskjeleg med grunnleggande IKT-kunnskap
Personlige egenskaper
- Du må vere motivert og service innstilit.
- Ha god kommunikasjnsevner med pasientar og kollegar
- Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt
Kontaktinformasjon
Sofie Oliegreen, Avdelingsleder Byglandshiemen og open omsorg, +4794189036Silje Christine Stangvik, Avdelingsleder helse og livsmeistring, 97750026
Arbeidssted
Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4916528611
Stillingsprosent: 0%
Sommerjobb
Kontaktpersoner for stillingen
Silje Christine Stangvik
Avdelingsleder helse og livsmeistring
97750026
Sofie Oliegreen
Avdelingsleder Byglandshiemen og open omsorg
+4794189036
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2852849
- Hentet fra
talentech
- Referanse
44edf67e6cf0472a8a871fff5ad91e61