Lærlingar - open utlysing
Ål kommune Ål kommune
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 31. desember
Som lærling i Ål kommune får du gode moglegheiter for fast jobb etter enda læretid. Du får ein dyktig rettleiar som følgjer deg opp gjennom lærlingløpet ditt på to år, og du tener pengar allereie medan du tek utdanning. Du vil følgje utdanningsløp som er sett opp av fylkeskommunen, og bli følgd opp av OK Viken, som er opplæringskontoret for offentleg sektor i Buskerud.
Ål kommune tek inn lærlingar i desse faga:- vegdrift- og vegvedlikehaldsfaget
- aktivitørfaget
- helsefagarbeidarfaget
- barne- og ungdomsarbeidarfaget
Som barne- og ungdomsarbeidar vil du planleggje og gjennomføre pedagogiske opplegg for barn og unge i alderen 0–18 år. Du vil jobbe med barn og unge både enkeltvis og i små og større grupper, og du skal kunne tilpasse opplegga etter ulike aldersgrupper, funksjonsnivå og livssituasjonar. Utdanninga kvalifiserer mellom anna til arbeid i barnehage, grunnskule, skulefritidsordning (SFO) og vidaregåande skule.
For meir informasjon, ta kontakt med Sissel Skrindo.
HelsefagarbeidarEin helsefagarbeidar utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for dei som treng bistand. Viss du er glad i menneske og ønskjer å gjere ein skilnad i kvardagen til andre, har du moglegheit til det gjennom eit fagbrev i helsearbeidarfaget.
For meir informasjon, ta kontakt med Borghild Moen.
Kvalifikasjonar
- du har bestått tverrfagleg eksamen på VG1 og VG2
- som lærling i helse- og oppvekstfag må du ha gode norskkunnskapar, både munnlege og skriftlege
- du må ha gyldig politiattest
I tillegg tek Ål kommune inn lærlingar med full opplæring i bedrift i helsefag. Det vil seie at:
- søkjarar med VG1 kan bli vurderte
- vaksne med erfaring frå helse- og omsorgssektoren kan bli vurderte
- du kan vere i gang med modulbasert vaksenopplæring
- er engasjert og initiativrik, og har eit sterkt ønskje om å lære
- er motivert for å ta fagbrev
- er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
- er serviceinnstilt og pliktoppfyllande
- er nysgjerrig, fleksibel og løysingsorientert i møte med utfordringar
- har lite fråvær og god arbeidskapasitet, noko som bidreg til kontinuitet i opplæringa di
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Slik søkjer duOrdinær frist var 1. mars. Dersom du ønskjer å søkje etter 1. mars, kan du sende søknad direkte til Ål kommune.
Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8c87d1be-5998-40dc-942c-5f5e0393a7f7
- Sist endret
7. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3634989_200321_nn