Prosjektleder
divisjon medisinskteknisk utstyr og laboratorieprodukter, Sykehusinnkjøp HF
Inger Bang Lunds vei 4, 5059 Bergen, Richard Johnsens gt. 4, 4021 Stavanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. oktober
Vil du leie anskaffingsprosjekt for den norske spesialisthelsetenesta?
Hos oss får du ein viktig jobb i eit føretak med eit tydeleg samfunnsoppdrag. Du vil få stort ansvar, gode utviklingsmoglegheiter og bli ein del av eit av Noregs største fagmiljø innan offentlege anskaffingar. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med pensjons- og forsikringsordningar, fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor og moderne lokale med kantine- og treningsfasilitetar.
Som prosjektleiar får du ansvar for å leie og gjennomføre anskaffingsprosjekt, frå behovskartlegging til kontraktsinngåing og implementering. Du bidreg til at avtalane blir tekne i bruk i sjukehusa og til at gevinstane blir realiserte. Rolla inneber også å gi faglege råd og rettleiing, og dessutan delta i utvikling av kategoriar, prosessar og kompetanse internt i føretaket.
Sjukehusinnkjøp HF har kontor over heile landet og meir enn 300 medarbeidarar. Vi inngår og følgjer opp avtalar på varer og tenester til norske sjukehus, og jobbar tett med fagmiljøa i spesialisthelsetenesta for å finne gode løysingar for pasientbehandlinga. Vi er eit ambisiøst anskaffings- og kontraktsmiljø som kontinuerleg arbeider med å forbetre prosessane våre. Vi har også fokus på innovasjon, miljø og samfunnsansvar i arbeidet vårt. Stillinga er knytt til divisjonen vår for støttetenester og administrative kjøp, med kontorstad i Bergen eller Stavanger.
Du kan lese meir om korleis det er å jobbe hos oss på nettsidene våre.
Kven ser vi etter?
Vi søkjer deg med høgare utdanning, gjerne innan økonomi eller jus. Erfaring frå anskaffingar, kontraktsarbeid eller prosjektgjennomføring er ønskjeleg, men vi er også opne for kandidatar med erfaring frå andre område. God skriftleg og munnleg framstillingsevne er ein føresetnad.
Du har god merkantil og juridisk forståing. Du bør ha interesse for spesialisthelsetenesta, men vi er også opptekne av å ha medarbeidarar med kompetanse og erfaring frå andre område og verksemder. Arbeidet skjer i tett samarbeid med fagmiljøa i helseføretaka for å finne løysingar som er til det beste for sjukehusdrift og pasientbehandling.
Personlege eigenskaper
Vi ser etter ein ansvarleg og sjølvstendig person som tek initiativ og evnar å leie prosessar. Du samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og er løysingsorientert og fleksibel. Rolla krev også at du evnar å sjå heilskapen og bidreg med kompetansedeling og godt humør i ein organisasjon i endring.Vi tilbyr
- Fagleg utvikling i eit av Noregs største fagmiljø for offentlege anskaffingar
- Konkurransedyktige vilkår med lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Livsfaseorientert personalpolitikk
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for heimekontor
- Moderne, trivelege lokale med gode kantine- og treningsfasilitetar
Om rekrutteringsprosessen
Denne annonsen er på nynorsk – men hos oss i Sjukehusinnkjøp HF kan du bruke begge dei norske målformene. Du vel sjølv kva målform du skriv søknaden i.
Søkjarar som blir vurderte som mest kvalifiserte blir kalla inn til intervju. Vi har vanlegvis to intervjurundar, med sjekk av attestar og referansar og bruk av arbeidspsykologiske testverktøy. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknadene sine, uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje.
Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeide offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservere deg mot oppføring må du oppgi og grunngi dette når du søkjer på stillinga. Du vil bli kontakta dersom søknaden ikkje blir innvilga, og få høve til å trekkje søknaden, jf. offentleglovas §25.
Kontaktinformasjon
Friedemann Starck, Avdelingsleder, +4790624657Arbeidssted
Inger Bang Lunds vei 45059 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sykehusinnkjøp HFReferansenr.: 5015760416
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Friedemann Starck
Avdelingsleder
+4790624657
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8c60e9ec-7144-497b-a0c3-cbe2ecb6667c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d016e2b1522a4a19aea79fc3714724d2