100% stilling som fastlege ved Kinsarvik legekontor
Ullensvang kommune Legeteneste
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hybridkontor
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 25. september
Vi har ledig 100% stilling som fastlege på Kinsarvik legekontor.
I kommunen har vi totalt 16 fastlegeheimlar og 4 LIS1 legar fordelt på 4 kontor. Det er godt samarbeid mellom fastlegane, fleire faglege fora, og eit godt miljø mellom gode og erfarne kollegaer.
Kinsarvik legekontor er velutstyrte kontor i lyse og kjekke lokaler. Vi bruker InfoDoc Journalsystem, Norsk helsenett, e-resept og er tilkobla kommunalt meldingssystem
Inntil 20% av stillinga kan nyttast til kommunale oppgåver, ein administrativ dag i uka.
Ullensvang kommune er registrert som utdanningsvirksomhet og det vert lagt til rette for spesialisering med ALIS-avtale. Vi har sidan hausten 2017 deltatt i ALIS VEST prosjektet, og har difor god erfaring med oppfølging av ALIS-legar.
Som fastlege i kommunen må arbeid ved legevakt påreknast. Her er i dag 18-delt vakt, og fri med løn etter vakt. Konkurransedyktig lønn. Ullensvang legevakt er ein av tre legevaktstasjonar i Hardanger og Voss legevaktdistrikt. Legevakta er lokalisert på Odda sjukehus.
Søkjaren må ha:
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1
- Meistre norsk språk skriftleg og munnleg
- Ha gode samarbeidsevner
- Personleg eigenskap vert vektlagt
- Det må leggjast fram politiattest før tilsetting
Kommunen kan tilby:
- Høgt fagleg nivå på tenesta
- Fastlønn + insentiv
- Hjelp til å skaffe bustad
- ALIS avtale
- Eit godt arbeidsmiljø
- God barnehagedekning
- Heimekontorløysning
Gode moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar både sommar og vinter, med Folgefonna- og Hardangervidda nasjonalpark innan kort rekkevidd. Trolltunga, Låtefoss, Folgefonna med Buerbreen og Dronningstien er kjente turistattraksjonar.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8c5d1abf-f0bf-4863-aa52-d6de00fbd67e
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3540333_193157_nn