Nesbukti pleie og omsorgssenter - 95 % fast stilling som sjukepleiar på natt
Nesbukti Pleie- Og Omsorgssenter sjukepleiar 95 % fast stilling på natt
Nesvegen 10, 3840 Seljord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
1. juni 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 95%
Arbeidstid
Turnus, natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. mars
Sjukepleiar 95 % fast stilling på natt ved Nesbukti pleie og omsorgssenter
Interessant? Då håpar vi du les vidare!
Vi har ledig 95 % fast stilling som sjukepleiar på natt ved Nesbukti pleie og omsorgssenter frå 01.06.25.
Korleis er det på Nesbukti pleie og omsorgssenter?Nesbukti er ein triveleg sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på skjerma avdeling for demente, 5 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar fordela på 2 somatiske avdelingar.
Vi meiner at samhald, positivitet, samarbeid og engasjerte kollegaer er viktige verdiar, og vi tenkjer at dette gjer oss til ein god arbeidsplass.
Får vi deg med på laget?
Dette tilbyr vi degSom sjukepleiar på natt vil du møte ei variert pasientgruppe med stort spenn i sjukdomsbilete og funksjonsnivå. Vi har ein spanande arbeidsplass, med ei aktiv korttidsavdeling med augeblikkeleg-hjelp plass, somatisk- og skjerma eining. Vi kan tilby høg faglegheit, vi har fokus på personsentrera omsorg, tillitsskapande tiltak og god livskvalitet for den enkelte. Vi har stort fokus på primærsjukepleie til våre pasientar, vi er opptatt av kontinuitet, god samhandling med pårørande og kva som er viktig for pasienten.
Arbeidsoppgåvene vil til dømes vere kliniske vurderingar, overordna ansvar for sjukepleie faglege oppgåver, observasjonar, oppfølging og vurdering av iverksatte tiltak, dokumentasjon, medisinsk oppfølging og pleie- og omsorg til våre pasientar.
Du vil få grundig opplæring saman med erfaren sjukepleiar, som også vil fungere som kontaktperson i etterkant av opplæringa.
Ynskjer du fagleg utvikling, og ta vidareutdanning? Vi har gode avtaler som legg til rette for at tilsette får personleg vekst og moglegheit til kompetanseutvikling.
Vi tilbyr gode pensjonsordningar i KLP. Seljord kommune er ein IA -- bedrift
Som sjukepleiar på natt får du 50 000,- (i 100% stilling ) som eit funksjonstillegg i året. Kvalifikasjonar· Formell utdanning og norsk autorisasjon som sjukepleiar
· Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg
· Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til ei kvar tid brukast i Seljord kommune
· Fleksibel og serviceinnstilt
· Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
Eigenskapar· Erfaring frå liknande arbeid
· Positiv, omsorgsfull, løysingsorientert og engasjert
· Stor arbeidskapasitet
· Bidra til eit godt arbeidsmiljø, trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø, i samspel med andre, men også evne til å jobbe sjølvstendig
· God på å prioritere arbeidsoppgåver
· Vi vektlegg personlege eigenskapar
Har du eit godt klinisk blikk, er trygg på deg sjølv i rolla som sjukepleiar, er fleksibel, likar å jobbe i team og er opptatt av kvalitet i tenestane vi gir til våre pasientar? Da høyrer vi gjerne frå deg!
Har du spørsmål? Ta kontakt med einingsleiar Kristin Aamot på tlf. 90618332
e-post: kristin.aamot@seljord.kommune.no
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.
Dersom interne omrokkeringer tilset vi også i desse.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Søknadsfrist 20.03.2025Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nesbukti er ein trivelig sjukeheim som ligg i naturskjønne omgivnadar. Vi har i dag 31 sjukeheimsplasser. Av desse er 8 plassar på avdeling for demente, 5 korttidsplassar blant anna bruka til rehabilitering/habilitering, 1 kommunal augeblikkeleg døgntilbodplass, resterande er langtidsplassar på somatisk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2887575
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
8c2b80e0-4158-433c-afc3-c61506a25e7e