Hopp til innhold

Ringevikarar - Rossland skule

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Skintveitvegen 11, 5917 Rossland

Om jobben

Stillingstittel
Ringevikarar - Rossland skule 25/26
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
7
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. desember

Om stillinga

Rossland skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.

Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Rossland skule er ein fantastisk stad å jobbe! Den ligg på Rossland, berre 20 minutt frå Knarvik, og tilbyr eitinkluderande og engasjerande læringsmiljø. Med omlag 227 elevar og 50 dedikerte tilsette, er vi opptatt av å gje den beste utdanninga og omsorga til elevane våre. I tillegg har skulen ein populær skulefritidsordning med omlag 42 barn og 7 tilsette!


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.


Kvalifikasjonskrav

For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.

For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.


Vi tilbyr

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.


Kontaktperson for stillingen

Mikal Lussand

Rektor

+47 97081927

mikal.lussand@alver.kommune.no

Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8b6b1c5d-4bac-40d0-985e-f382d7d291f9

Sist endret

2. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10261648

Lignende annonser

Laster lignende annonser