Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
Ålesund behandlingssenter, Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27, 6018 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering innan rus- og avhengighetsmedisin
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Ønskjer du nye utfordringar i 2025?
Kva med å bli ein del av eit fagfelt i stadig utvikling, der du som lege kan utvikle og bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønskjer du å jobbe i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø? Då bør du vurdere ei stilling hos oss. Vi søkjer ein lege med interesse og engasjement for rusfeltet, som vil vere med å vidareutvikle eit godt og heilheitleg behandlingstilbod for pasientar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar for lege i spesialisering (LIS) ved avdeling TSB, Ålesund behandlingssenter frå 01.09.2025.
Avdeling for TSB i Helse Møre og Romsdal HF tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling til rusavhengige over 18 år. Avdelinga tilbyr utgreiing og behandling til rusavhengige og deira pårørande gjennom både individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Ålesund behandlingssenter har tilbud om avrusing, korttids døgnbehandling og poliklinisk oppfølging. Som LIS vil du kunne få godkjent heile spesialistutdanninga i rus-og avhengighetsmedisin hos oss.
Ta kontakt om du ønskjer meir informasjon. Du er velkomen som søkjar!
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Utdanningsstilling i rus- og avhengighetsmedisin
- Oppgåver knytta til avdelinga si verksemd som vil variere ut fra den seksjonen ein er tilsatt i; mottak, abstinensbehandling, utgreiing, behandling, deltaking i tverrfaglege drøftingar m.m.
- Tverrfagleg samarbeid
- Deltaking i avdelinga si vaktordning
- Undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
- Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan òg søkje midlertidig stilling
- Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som trivast med å arbeide i team på tvers av profesjonar og yrkesgrupper, men også har god evne til å arbeide sjølvstendig
- Vi søkjer deg med eit fagleg engasjement og interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre
- Vi søkjer deg som har gode kommunikasjonsevner, som er fleksibel og løysingsorientert
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Rettleiing av erfarne overlegar
- Variert, utfordrande og lærerik teneste
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleder, 70 17 13 33, Siri.Mette.Dragsund.Hoff@helse-mr.noArbeidsstad
Vestmoa 276018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4973712073
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 30.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8aef2858-f437-4e0f-b520-f0d7d29a3c74
- Hentet fra
talentech
- Referanse
54e949cfd8294c889bee5602e2fe4b46